Arkiv
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipisicing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore magna sit voluptatem aliqua.
H2 Hardanger er stadig i vekst!
Me er stolte over å kunne presentera Hogne Høysæter som ny prosjektleiar i H2 Hardanger. Han byrja hjå oss i november, og er godt i gang med nye arbeidsoppgåver for både nye og gamle oppdragsgivarar.Hogne har lang erfaring med prosjektleiing, detaljprosjektering,...
Morten – ny prosjektleiar i H2!
I august var me heldige å få Morten Jakobsen med oss på laget.Morten har svennebrev som tømrar og vidare ein bachelorgrad i Landmåling & Eiendomsdesign.Tidlegare har han mellom anna jobba som Geomatikar/Oppmålingsingeniør innan industri, eigedom og bygg &...
Ny brannstasjon på Voss
H2 Hardanger har, saman med resten av Fuglafjell, vunne oppdraget med å byggja ny brannstasjon på Voss. Me har tidlegare vist i Kvam at brannstasjon er noko me kan. Den nye brannstasjonen vil verta reist på Tvildemoen, og skal, i samsvar med Voss Herad sine...
Norsk havteknologisenter på Tyholt i Trondheim
Norsk havteknologisenter er eit nasjonalt kunnskapssenter som skal bidra til berekraftig utvikling av havnæringa. Senteret er under oppføring og skal etter planen stå ferdig i 2028. Byggherre er Statbygg og Sintef vert brukar.Framo AS har leigd inn H2 Hardanger til...
Vøla av kyrkjetak i Strandebarm
Kyrkja skal få nytt tak. Prosjektet er finansiert med 7,5 millionar kommunale kroner og 1,5 millionar frå Riksantikvaren. H2 si rolle er prosjekt- og byggjeleiing. Tilbodet frå H2 Hardanger AS var klart best på alle punkt, ifylgje kyrkjeverje Olav Skeie Lid. Seinare i...
Overlevering av Voss Ungdomsskule
Fredag 15. desember vart Voss ungdomsskule overlevert frå Horgi AS til Voss herad. Prosjektet var ei totalentreprise med samspel, og totalentreprenør har vore Horgi AS som H2 Hardanger er ein del av. H2 Hardanger har hatt mange ulike rollar i prosjektet som...
Eide Smolt Sundal – Nytt smoltanlegg
Eide Fjordbruk AS har via selskapet Eide Smolt AS kjøpt det gamle smoltanlegget i Sundal av Sjøtroll Havbruk AS(del av Lerøy Seafood Group). Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 mill. smolt pr år innanfor gjeldande utsleppsløyve. Prosjektet omfattar i byggetrinn...
Nytilsett prosjektutviklar
H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien.Ekstra kjekt er det at Arne Lunestad er på plass på kontoret. Han byrja hjå oss i midten av august, og kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kvammabygg. Me har hatt eit tett samarbeid med Arne i mange...
Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve
H2 Hardanger AS er ein av Hanna Børve sine stolte sponsorar!Hanna er ei målretta jente på 22 år frå Øystese. Som 16-åring byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo. No bur ho på Lillehammer, som i følgje Hanna er den beste staden å kunne utvikle seg...
Oppstart av ny fabrikk på Langevåg
Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med...
Leilegheitsbygg på Kikut
På Kikut byggjer Sivertsen Entreprenør leilegheitsbygg med 43 leilegheiter. Råbygget er oppe, og taket er snart på plass. Innflytting er planlagt til påsken 2023. H2 Hardanger er ansvarleg for prosjektering av beresystemet.
Overlevering av byggetrinn 4.2 ved Jondal skule
Det har vore overlevering av Jondal skule byggetrinn 4.2 frå entreprenør til byggherre. Dette bygget inneheld garderobeanlegg for symjehallen, multisal og kulturskule. Generalentreprenør har vor Røynstrand Entreprenør AS. Dette er det femte byggetrinnet ved Jondal...
Sommarjobb i H2 Hardanger
I vinter vart me oppringt av ein hyggeleg kvemming som studerer bygg- og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim.Håvard Aalvik Stranden ynskte å søke sommarjobb i H2. No er Håvard på plass, og i gang med ingeniørarbeid. Han skal delta på synfaringar og elles prosjektbistand...
Frå innleigd til fast tilsett
H2 Hardanger har vore heldige å fått leige inn Leif Ketil Sekse frå Kvammabygg. Sidan januar har Leif Ketil vore ein del av H2-gjengen tre dagar i veka. 1. juni byrjar han i 100 % fast stilling i H2 Hardanger. Leif Ketil er tilsett som byggingeniør, og har fagbrev og...
Ny prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger
1. april byrja Bård Sandven i stillinga som prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger. Bård har mange års erfaring med byggeleiing frå små og store prosjekt. Han er allereie godt i gang med å leie utbygging av Strandebarm omsorg. Me gler oss over å ha fått Bård med oss...
Ny styreleiar i H2 Hardanger
H2 er i sterk vekst. Eit kompetent og velfungerande styre er viktig for å kunne jobbe målretta og systematisk med utvikling av verksemda.Me er særs nøgde med å presentere Tom Rasmussen som ny styreleiar i H2 Hardanger. Tom har brei erfaring frå ulike leiande...
Horgi AS
Horgi AS er valgt som samspelsentreprenør av Voss herad for prosjektering og bygging av ny idretts- og skulefløy på Voss ungdomsskule.Horgi AS er ein lokal totalentreprenør på Voss. Firmaet er organisert som eit arbeidsfellesskap med partane Johs. E. Øvsthus AS, Tecno...
Ny byggingeniør i H2 Hardanger
Me ynskjer Nils Ove Børve velkomen på kontoret. Nils Ove er utdanna byggingeniør, med allsidig erfaring frå andre yrker. Han vil styrke kapasiteten vår innan prosjektering og byggeleiing.
Bygging av Strandebarm omsorg og ny brannstasjon har starta
Kvam brannstasjonH2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS konkurransen om å bygge Kvam Brannstasjon på Mo i Steinsdalen for Kvam herad.Bygget skal ha ei grunnflate på omlag 870m2 og og skal romme Kvam brann- og redningsteneste, samt sivilforsvaret.Førebuande arbeid...
Byggeadministrator i H2 Hardanger
I januar byrja Isak Linga i stillinga som byggeadministrator i H2 Hardanger.Isak er utdanna maskiningeniør og har tidlegare jobba som prosjektingeniør i oljeindustrien.Dei siste åra har han vore assisterande driftsleiar og driftsoperatør på eit landbasert...
H2 Hardanger i Hardangerfjordmagasinet
Klikk her for å lasta ned pdf-versjon av artikkelen
H2 Hardanger treng fleire tilsette
Systemintegrator for Stadionlaks
Øystein Norheim er nytilsett i H2 Hardanger.Han skal jobbe som systemintegrator i prosjektet Stadionbassenget. Oppdragsgjevar er selskapet Stadion Laks AS som igjen er eigd av Lingalaks AS og Framo AS. Øystein har lang fartstid som maskinsjef og har i mange år jobba...
Nytilsett sivilingeniør
Sommaren er på hell og H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien. Ekstra kjekt er det at Erlend Ukvitne er på plass på kontoret! Han kjem direkte frå masterstudium innan bygg- og miljøteknikk ved NTNU Trondheim, og vil styrka H2 Hardanger både...
God sommar!
No er det tid for sommarferie for oss i H2 Hardanger. Me har markert eit travelt og spanande halvår med sommaravslutning. Med nydeleg tapas levert av Cavallis Catering og utfordrande og morosam teambuilding ved Attrå - lidenskap for trening, vart sommarkvelden på...
Ænes Inkubator – utbygginga går som planlagt
Det er for tida svært stor aktivitet på Ænes i Kvinnherad, kor det vert bygd eit av regionens største resirkuleringsanlegg for produksjon av smolt. I skrivande stund er det rundt 70 arbeidarar involvert i utbygginga. Veidekke AS (bygg/anlegg) og Akva Group Land Based...
Sommarjobb?
H2 Hardanger AS søkjer etter ungdom som kan utføre førefallande vedlikehaldsarbeid.Du må vera sjølvstendig og nøyaktig. Det gjeld veke 26 og 27, og ved behov kan det vera aktuelt i veke 32. Ein enkel søknad med nokre ord om deg sjølv og kva erfaring du har med...
Hardingsmolt klargjer ny tomt
For tida er det stor anleggsvirksomhet hjå Hardingsmolt. Eit område på omlag 8200 m2 vert planert og gjort klart for vidare utbygging. H2 Hardanger AS står for prosjektleiing i grunnarbeidsfasen, og har bistått med utarbeiding av VA-rammeplan for reguleringsplanen i...
Nytilsett prosjektleiar
1. mai byrja Heine Vik i fast stilling som prosjektleiar i H2 Hardanger, etter å ha vore innleigd frå Kvammabygg sidan 8. februar.Heine har god røynsle og me er svært glade for å ha fått han med på laget.
H2 Hardanger satsar på yngre krefter!
Erlend Ukvitne har takka ja til å byrje i H2 Hardanger i august. Han går siste året på masterstudium innan bygg- og miljøteknikk. Me gledar oss til han kjem!
Ledige stillingar i H2 Hardanger
Me kan nemne mange grunnar for at folk bør søke jobb hjå oss i H2 Hardanger.Så dersom du er prosjektleiar eller ingeniør og kjenner at du let deg freista, ring oss - så skal du få høyre kva me kan tilby deg!
Jondal skule byggetrinn 4.2
I desse dagar går Røynstrand entreprenør i gang med førebels siste byggetrinn ved Jondal skule; byggetrinn 4.2. Dette byggetrinnet omfattar riving av gamal gymsal og tilhøyrande garderobar ved Jondal skule. Det skal førast opp eit nytt bygg med mellom anna nye...
Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo
Hardanger Fiskeforedling AS har valt H2 Hardanger til samarbeidspartnar innan prosjektadministrasjon i samband med utbygginga av lakseslakteri i Langevåg på Bømlo. Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk AS, Eidesvik Laks AS, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS har gått...
Nytilsett prosjektleiar i H2 Hardanger
Olav Mikal Fykse har vore tilsett i 50% stilling som prosjektleiar hjå H2 Hardanger AS sidan november 2020. 1. februar byrjar han i full stilling. Olav Mikal har praktisk utdanning med fagbrev som elektrikar. I tillegg har han teke fagskule på elkraft og er godkjent...
Bru over Vosso
H2 Hardanger AS prosjekterer ny gangbru over Vosso. Brua blir ei flott fagverksbru i stål. Total spennvidde blir opp mot 70 meter. Dette er ein kompleks konstruksjon som kjem inn under tiltaksklasse 3 i konstruksjonsteknikk. Dette kan sjølvsagt H2 Hardanger handtere....
Eidfjord brannstasjon
Eidfjord kommune byggjer i desse dagar ny brannstasjon. Bygget ligg på Lægreid i tilknytting til kommunen si driftsavdeling. Brannstasjonen er rikt utstyrt med garderobar, kontor, møterom, treningsrom, vognhall for 6 utrykningskjøretøy med tilhøyrande vaskehall.
Bygget er karakteristisk med sine skrå betongveggar og mørke kledning. Kombinasjonen av betong, grønt tak og mørkt tre gjev eit robust og moderne uttrykk som høver fint inn i det dramatiske landskapsrommet i Eidfjord.
Spesielle forhold rundt skredvind frå fjella i sør-aust, har lagt premissar for material og utforming av brannstasjonen. Lasta på bygget, i tilfelle skred, er på heile 1000 kg pr. kvadratmeter. Dette tilsvarar 4 gongar normal snølast på tak. Denne lasta verkar på både fasadar og tak.
Enkelte områder på bygget er lasta opp i heile 2200 kg pr. kvadratmeter i både trykk og løft. Stasjonen kan med dette tole solid juling. Desse kreftene er det H2 Hardanger si oppgåve å temme.
Konstruksjonen som utgjer store delar av det synlege bygget vert utført som prefabrikkert betongelement. Dette gjev høg kvalitet på betongarbeidet, men stiller strenge krav til prosjektering og samhandling mellom dei prosjekterande. Slikt vert spesielt utfordrande når kravet frå Eidfjord kommune er at brannstasjonen skal stå klar på imponerande 8 månadar, altså april 2021.
Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise. Funksjon og ytingsskildringa er eit resultat av eit godt forprosjekt som er detaljert og grundig. Dette gjev færre tvistar og ei enklare gjennomføring. Det heile vert kontrollert av ein røynd administrasjon og prosjektleiing.
H2 Hardanger har ansvar for byggjeteknikk, samt geoteknikk og VA. Det er eit spanande og utfordrande prosjekt å få ta del i, då det er mange dyktige aktørar involvert for å reise Eidfjord brannstasjon.
Byggherre er Eidfjord Kommune, totalentreprenør er Seimen AS. Arkitekt for forprosjektet er Bruket AS.
Illustrasjon på bilete under er utarbeidt av Bruket AS.
Landstraum til fôrflåtar
Lingalaks vurderer etablering av landstraum til fôrflåtane Tveitnes og Lingaholmane. Dette er eit miljøtiltak for å spare CO2-utslepp frå dieselgenerator, og transport av drivstoff. Etableringa på Lingaholmane er støtta av Enova, medan på Tveitnes betalar Lingalaks...
Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang
I midten av august starta Røynstrand Entreprenør opp med det som er 4 byggetrinn ved Jondal skule.
H2 Hardanger har vore engasjert innan prosjekt og byggjeleiing sidan oppstarten av byggetrinn 1 hausten 2017.
Byggetrinn 4 inneber riving av det gamle biblioteket og nybygg som skal innehalde areal for praktisk-estetiske fag
Planlegg nytt leilegheitsbygg – eit steinkast frå hamna i Norheimsund
Bratt AS har kjøpt Hardangerfjordvegen 15 og 17, og H2 skal planleggje og utvikle prosjektet. Målet er at leilegheitsbygget skal verta eit blikkfang som oppgraderer og komplimenterer resten av husrekkja i strandlina. Det vert utsikt mot fjord og fonn, og kort...
Mowi oppgraderer på Kvingo!
H2 Hardanger AS bistår med RIB-Prosjektering når Mowi Kvingo oppdaterer anlegget sitt. Prosjektet omfattar forsterking av beresystem for nytt startforingsanlegg. I eksisterande produksjonshall er det lagt inn nytt berande dekke. Nytt dekke er fundamentert på...
H2 Hardanger i ny drakt
I vår fekk H2 Hardanger ny logo, og vernebekledninga er sjølvsagt fornya med riktig logo. No er det ingen tvil om kva verksemd våre tilsette kjem frå!
Udlabu omsorgsbustadar reiser seg på Voss
På den gamle Udlabu tomta til Voss kommune reiser det seg i desse dagar tre nye omsorgsbustadar. Det skal i alt vera 20 bustadar fordelt på 3 bufellesskap. Det er Bruket Arkitektur AS som har teikna bygget, og H2 Hardanger prosjekterer beresystemet. Arkobygg AS er...
Fjelberg Fjordbruk går for massivtre!
H2 Hardanger AS bistår Alsaker Fjordbruk AS på Fjelberg Fjordbruk. Vår oppgåve er RIB-Prosjektering, inklusiv koordinering mot massivtreleverandør. Prosjektet er teikna av arkitekt Lars J. Berge. Både i lager- og kontorbygg blir det nytta massivtre i veggar, dekker og...
Ænes Inkubator er i gang
På Ænes i Kvinnherad skal Lingalaks AS, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskanlegg AS byggje eit av dei største landbaserte settefiskanlegget i regionen. Byggherre har valt H2 Hardanger som administrativ ressurs i prosjektet. Totalt bistår H2 Hardanger med prosjektleiar,...
Endå eit prosjekt i Fuglafjell AS er overlevert
Hardingsmolt AS har teke i bruk nytt administrajonsbygg 30. april 2020 vart det nye administrasjon- og personalbygget til Hardingsmolt AS overlevert. H2 Hardanger har stått for RIB-prosjektering og prosjektadministrasjon. Bygget på over 600 kvadrat inneheld mellom...
Har henta Tone Sandven tilbake
Tone er sivilingeniør og byrja hjå H2 Hardanger AS alt i 2011. Dei siste to åra har ho vore tilsett som konstruksjonsansvarleg hjå Vestlandske Limtreindustri AS. 1.mai kom ho tilbake til H2 Hardanger med auka kompetanse innan trekonstruksjonar. Me er svært takksame...
H2 Hardanger veks
1. mars 2020 vart H2-laget utvida med to tilsette. Dei nye tilskota til firmaet er Harald Fykse og Wenche Eide Skeie. Harald er utdanna VA-ingeniør og har mellom anna lang erfaring frå Multiconsult. I H2 Hardanger skal han jobba som prosjektleiar. Wenche er utdanna...
Nytt prosjekt på Voss
H2 skal prosjektere «Villa Vosso» for Arkobygg. Prosjektet består av 2 leilegheitsbygg med parkeringsgarasje og til saman 28 leilegheiter. Villa Vosso ligg i det populære og sentrumsnære Nyrefeeltet og er eit heilt nytt prosjekt på Voss. Flott arkitektur og gode...
H2 Hardanger får ny profil
Ny visuell drakt og nettside markerer ny start i Hardanger. Firmaet starta i 2006 som H2 Byggeteknikk i Bergen. I 2018 vart H2 Hardanger og H2 Bergen etablerte som to avdelingar i same firma, med sams logo og nettside. Frå 2020 er selskapa to separate einingar. I...
Norsk havteknologisenter på Tyholt i Trondheim
Norsk havteknologisenter er eit nasjonalt kunnskapssenter som skal bidra til berekraftig utvikling av havnæringa. Senteret er under oppføring og skal etter planen stå ferdig i 2028. Byggherre er Statbygg og Sintef vert brukar.Framo AS har leigd inn H2 Hardanger til...
Vøla av kyrkjetak i Strandebarm
Kyrkja skal få nytt tak. Prosjektet er finansiert med 7,5 millionar kommunale kroner og 1,5 millionar frå Riksantikvaren. H2 si rolle er prosjekt- og byggjeleiing. Tilbodet frå H2 Hardanger AS var klart best på alle punkt, ifylgje kyrkjeverje Olav Skeie Lid. Seinare i...
Overlevering av Voss Ungdomsskule
Fredag 15. desember vart Voss ungdomsskule overlevert frå Horgi AS til Voss herad. Prosjektet var ei totalentreprise med samspel, og totalentreprenør har vore Horgi AS som H2 Hardanger er ein del av. H2 Hardanger har hatt mange ulike rollar i prosjektet som...
Eide Smolt Sundal – Nytt smoltanlegg
Eide Fjordbruk AS har via selskapet Eide Smolt AS kjøpt det gamle smoltanlegget i Sundal av Sjøtroll Havbruk AS(del av Lerøy Seafood Group). Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 mill. smolt pr år innanfor gjeldande utsleppsløyve. Prosjektet omfattar i byggetrinn...
Nytilsett prosjektutviklar
H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien.Ekstra kjekt er det at Arne Lunestad er på plass på kontoret. Han byrja hjå oss i midten av august, og kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kvammabygg. Me har hatt eit tett samarbeid med Arne i mange...
Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve
H2 Hardanger AS er ein av Hanna Børve sine stolte sponsorar!Hanna er ei målretta jente på 22 år frå Øystese. Som 16-åring byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo. No bur ho på Lillehammer, som i følgje Hanna er den beste staden å kunne utvikle seg...
Oppstart av ny fabrikk på Langevåg
Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med...
Leilegheitsbygg på Kikut
På Kikut byggjer Sivertsen Entreprenør leilegheitsbygg med 43 leilegheiter. Råbygget er oppe, og taket er snart på plass. Innflytting er planlagt til påsken 2023. H2 Hardanger er ansvarleg for prosjektering av beresystemet.
Overlevering av byggetrinn 4.2 ved Jondal skule
Det har vore overlevering av Jondal skule byggetrinn 4.2 frå entreprenør til byggherre. Dette bygget inneheld garderobeanlegg for symjehallen, multisal og kulturskule. Generalentreprenør har vor Røynstrand Entreprenør AS. Dette er det femte byggetrinnet ved Jondal...
Sommarjobb i H2 Hardanger
I vinter vart me oppringt av ein hyggeleg kvemming som studerer bygg- og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim.Håvard Aalvik Stranden ynskte å søke sommarjobb i H2. No er Håvard på plass, og i gang med ingeniørarbeid. Han skal delta på synfaringar og elles prosjektbistand...