Sommarjobb i H2 Hardanger

I vinter vart me oppringt av ein hyggeleg kvemming som studerer bygg- og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim.
Håvard Aalvik Stranden ynskte å søke sommarjobb i H2.

No er Håvard på plass, og i gang med ingeniørarbeid. Han skal delta på synfaringar og elles prosjektbistand på fleire av prosjekta våre, for å sjå samanheng mellom prosjektering og utføring.

Det er lærerikt for alle partar!

Andre aktuelle saker

Nytilsett prosjektleiar med base på Voss

Nytilsett prosjektleiar med base på Voss

I desember byrja Ranveig Steinsheim som prosjektleiar i H2 Hardanger. Med stadig fleire prosjekt på Voss har det vore naturleg å etablere eit kontor der. Ranveig er stort sett stasjonert på Voss, og kjem til Norheimsund nokre dagar i veka.Ranveig har bachelor i...

Landstraumforsyning

Landstraumforsyning

H2Hardanger sender i desse dagar inn søknadar om løyve til å etablera landstraumforsyning på vegne av kundar til fleire oppdrettsanlegg på Vestlandet. Landstraumsanlegga er planlagt framtidsretta med leveranse via høgspenningskablar på 22KV og skal no forsyne flåtane...