Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

 

Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.
6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.
Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med stødig hand for Hardanger Seafood.

Fykse seier at anlegget er 4000 kvm stort og kan levere 200 tonn sløyd fisk på ein normal arbeidsdag.

Fabrikken er no eit topp moderne lakseslakteri, med stor grad av automasjon og fleksibilitet. Gjennom heile prosjektet har det vore fokus på hygiene, arbeidsmiljø, effektivitet og HMS. Det er brukt store ressursar på utforming med tanke på reinhald og automatiske vaskesystem. Det er mellom anna installert automatisk vaskesystem for reinhald innvendig i alle røyr som transporterer produkt brukt i mat. Som fyrste fabrikk i verda er det også teke med røyra og pumpa som fører fisken inn i fabrikken.

Prosjektet har hatt stort fokus på arbeidsmiljøet, ergonomi og HMS. Prosjektet har vorte gjennomført heilt utan alvorlege skader på personar, bygg og utstyr. Fykse beskriv eit kraftig ventilasjonssystem, utforma spesielt med tanke på arbeidsplassar og produksjonsutstyr, med blant anna avfuktarar som skapar betre luftkvalitet for både tilsette, hygieneforhold og som hindrar spreiing og vekst av bakteriar. Vidare nemner han justerbare arbeidsplattformar og vaskeplattformar som førebyggjande arbeidsmiljøtiltak.

Kontordelen er totalrenovert og har med dette fått ny kantine, møterom og kontor. Samt garderobar med rein og skitten sone.

Helgesen tekniske bygg har vore totalentreprenør på bygget. Utstyret er levert frå om lag 14 ulike leverandørar frå fleire land i Europa og koordinert og følgt opp med god hjelp av Pescatech.

Prosjektleiaren skryt over eit unikt og godt samarbeid mellom aktørane, og er stolt over resultatet som alle leverandørane har fått til.

H2 Hardanger ynskjer Hardanger Seafood til lukka med ny fabrikk!

Andre aktuelle saker

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon. H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta...