Landstraumforsyning

H2Hardanger sender i desse dagar inn søknadar om løyve til å etablera landstraumforsyning på vegne av kundar til fleire oppdrettsanlegg på Vestlandet.

Landstraumsanlegga er planlagt framtidsretta med leveranse via høgspenningskablar på 22KV og skal no forsyne flåtane med ca 250KW. Høgspenningsanlegga kan enkelt justerast for å auka effekten som skal leverast i takt med eventuelle utvidingar.

H2 Hardanger har gjennomført innleiande prosjekt for å definere behov og er no i gang med avklaringar for å kunne presentere investeringsbeslutning til kundane for gjennomføring.

H2 Haradnger styrer prosjekta med å gjennomføra botnundersøkingar, vurdert traseval, be om innspel frå myndigheiter, avklare grunneigarforhold og inngå grunneigaravtalar.
Vidare skal det no søkast til Havnevesen, Maritime museum, Kommune, Kystverk, nettselskap og NVE med sine respektive søknadar.  Samt at prosjektet skal prisast av aktuelle leverandørar, basert på utarbeidd beskrivelse av leveransen.

H2 Hardanger har no registrert installatør, og med det også ein fagleg tyngde og kompetanse bak vurderingane i prosjekta.

Det er krevjande prosjekt med svært mange aktørar og grensesnitt som må handterast i rett rekkefølgje, i tillegg til at anlegga vert teknisk utfordrande med høgspenningsforsyning til anlegg flytande på sjøen.

 

 

 

 

Illustrasjon av pumper. 3D-illustrasjon, Framo

Bilete: 3d teikninga av botnforhold med innteikna flåte, fortøyningar og kabeltrasè. 

Andre aktuelle saker

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon. H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta...