Kvam brannstasjon
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS konkurransen om å bygge Kvam Brannstasjon på Mo i Steinsdalen for Kvam herad.
Bygget skal ha ei grunnflate på omlag 870m2 og og skal romme Kvam brann- og redningsteneste, samt sivilforsvaret.
Førebuande arbeid er i gang, og brannstasjonen skal ferdigstillast i oktober 2022. Anders Hjartnes er prosjektleiar.
Strandebarm omsorg
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS konkurransen om å bygge Strandebarm omsorg i Kvam herad. Bygget vert reist på Tangerås i nærleik av skule og idrettsanlegg.
Arkitekt er Holon Arkitekter AS. Håkon Hjartnes i H2 Hardanger AS er prosjektleiar, og Anders Hjartnes er byggeleiar.
Arbeidet starta 8.oktober 2021 og overlevering vert i januar 2023.
Strandebarm omsorg skal innehalde 26 rom, samt plass for legekontor, fysioterapeut etc.
Sentralt i bygget skal det byggast eit atrium med glas i både tak og fasade.
Utomhus er bevisst halde relativt omfattande for å ivareta trivnad, samt stimulere til fysisk aktivitet. Uteområdet vert opparbeida som eit parkanlegg med sansehage, vassrenner og gangvegar der bebuarar kan takast med på ulike lufteturar.
H2 Hardanger er stolt over få vera med å reise desse viktige bygga!