Eide Smolt Sundal – Nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS har via selskapet Eide Smolt AS kjøpt det gamle smoltanlegget i Sundal av Sjøtroll Havbruk AS
(del av Lerøy Seafood Group). Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 mill. smolt pr år innanfor gjeldande utsleppsløyve.

Prosjektet omfattar i byggetrinn 1 riving av det gamle anlegget, etablering av 6 nye fiskekar (12 m i diameter), fôringsanlegg, oksygenanlegg, slamreinsesanlegg  og nytt bygg med reinseanlegg for inntaksvatn, ny trafo, garderobar og kontorfasilitetar. Biletet viser anlegget før riving.
I seinare byggetrinn er det mellom anna lagt opp til etablering av fleire fiskekar, ny overføringsleidning for ferskvatn, ny avløpsleidning til sjø og nytt bygg for slamanlegget.

Planlegging av anlegget er gjennomført med ein defineringsfase mellom Eide Smolt og H2 Hardanger, deretter ein sampelsfase vår-haust 2023 mellom Eide Smolt, Artec Aqua og H2 Hardanger.

Gjennomføring av prosjektet blir utført med prosessleveranse som ein totalentreprise, medan resterande leveransar blir utført som delte entreprisar og byggherreinnkjøp. Rivearbeid er utført og planlagt oppstart byggearbeid er i januar 2024. Målet er innsett av smolt i oktober 2024.

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, PGL, SHA/KP/KU, BL) og RiMiljø, RiB, RiG og BIM prosjektering.

Byggeperiode: 2024

Byggherre: Eide Smolt AS

Entreprenørar: Artec Aqua AS (prosess og elektro), Byggservice AS (grunn, betong, stål), Jondal Bygg AS (tømrar og malar), Nils Aksnes & Co AS (VVS)

Andre aktuelle saker

Norsk havteknologisenter på Tyholt i Trondheim

Norsk havteknologisenter på Tyholt i Trondheim

Norsk havteknologisenter er eit nasjonalt kunnskapssenter som skal bidra til berekraftig utvikling av havnæringa. Senteret er under oppføring og skal etter planen stå ferdig i 2028.  Byggherre er Statbygg og Sintef vert brukar.Framo AS har leigd inn H2 Hardanger til...

Vøla av kyrkjetak i Strandebarm

Vøla av kyrkjetak i Strandebarm

Kyrkja skal få nytt tak. Prosjektet er finansiert med 7,5 millionar kommunale kroner og 1,5 millionar frå Riksantikvaren. H2 si rolle er prosjekt- og byggjeleiing. Tilbodet frå H2 Hardanger AS var klart best på alle punkt, ifylgje kyrkjeverje Olav Skeie Lid. Seinare i...