Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard Arnetveit Liland starta i H2 Hardanger i mai og held til ved kontoret vårt i Bergen, men du vil òg kunne møte han i Norheimsund 1-2 dagar i veka. Han kjem frå stilling som prosjektleiar i Havlandet Havbruk, der han jobba med planlegging og utbygging av landbaserte anlegg for berggylt og torsk.

Vegard har òg erfaring frå prosjektutvikling for nullutsleppsløysingar i ferje- og cruisenæringa, og har arbeidd med skipsdesign og ombyggingar, mellom anna Citrus Vita Brasil og dei nye Oslofjordferjene.

Han har mastergrad i marinteknikk frå NTNU og spesialisering i marin hydrodynamikk. Me er svært glade for å ha han med på laget, og ser fram til å nytta den breie og verdifulle kompetansen han tek med seg inn i arbeidet vårt.

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er no Miljøfyrtårn-sertifisert 🌿

Me i H2 Hardanger er stolte over å kunne dele at me no er sertifisert som Miljøfyrtårn! Dette markerer ein viktig milepæl i vårt arbeid for ei meir berekraftig framtid – og eit tydeleg bevis på at me tek miljøansvar på alvor.

Gjennom sertifiseringsprosessen har me dokumentert at me oppfyller strenge krav til miljøvennleg drift og kontinuerleg forbetring. Det betyr at både våre eigne rutinar og prosjekta me leverer, er utforma med tanke på å redusere klimafotavtrykket.

For våre kundar og samarbeidspartnarar er dette ei trygg stadfesting på at de samarbeider med ein aktør som aktivt jobbar for å ta vare på miljøet – både lokalt og globalt.

Miljøfyrtårn-sertifiseringa er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit steg på vegen. Me vil halde fram med å utvikle oss, lære og finne nye måtar å bidra til ei meir berekraftig framtid.

Takk for at du er med oss på denne reisa!

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve.

H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide Smolt, administrert og gjennomført prosjektet med riving av det gamle anlegget og utbygging av eit nytt og moderne anlegg på tomta. Det nye anlegget vart overlevert i tråd med framdriftsplanen hausten 2024. Anlegget omfattar:

  • Nytt bygg med reinseanlegg for inntaksvatn
  • Ny trafo, garderobar og kontorfasilitetar
  • Seks nye fiskekar
  • Fôringsanlegg og oksygenanlegg
  • Fiskesperre og trommelfilter for rensing av avløp

I tillegg har Eide Smolt, gjennom ein utbyggingsavtale med Vestland Fylkeskommune, utvida og forbetra avkøyrsla frå fylkesvegen i tråd med dagens vegstandard.

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon.

H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta koordinering i prosjekterings- og utføringsfasen i samsvar med byggherreforskrifta.

Ny brannstasjon på Voss

Ny brannstasjon på Voss

H2 Hardanger har, saman med resten av Fuglafjell, vunne oppdraget med å byggja ny brannstasjon på Voss. Me har tidlegare vist i Kvam at brannstasjon er noko me kan.

Den nye brannstasjonen vil verta reist på Tvildemoen, og skal, i samsvar med Voss Herad sine miljøambisjonar, førast opp i massivtre. Forprosjektet er utarbeidd av MAD arkitekter, så her er det snakk om høge arkitektoniske kvalitetar. Me har som mål å innfri alle ambisjonane som er stilt både til oss og prosjektet. Dette skal me gjera gjennom lokal kompetanse og røynsle frå prosjekt av same omfang, funksjon, material- og kvalitetskrav.

Byggjinga vil gå i gang snarleg, og me reknar med ei byggjetid på om lag 18 månader.

anlegget.

 

 

Illustrasjon av pumper. 3D-illustrasjon, Framo

Bilete: Illustrasjonar av den nye brannstasjonen. MAD arkitekter