H2 Hardanger får ny profil

Ny visuell drakt og nettside markerer ny start i Hardanger.

Firmaet starta i 2006 som H2 Byggeteknikk i Bergen. I 2018 vart H2 Hardanger og H2 Bergen etablerte som to avdelingar i same firma, med sams logo og nettside. Frå 2020 er selskapa to separate einingar. 

I høve dette vegskilet har H2 Hardanger fått utarbeida ny logo og ny nettside. Nytt domene med tilhøyrande e-postadresser er også på plass.

– Dei gamle e-postadressene som sluttar på @h2b.no vil vera operative i ein overgangsfase, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes, men i februar starta me bruka adresser som sluttar på @h2hardanger.no. 

Ei ny grafisk drakt var naturleg no fortel Hjartnes.

– For å markera dette vegskilet i historia til firmaet var det sjølvsagt for oss at me måtte ha ein ny utsjånad. I tillegg er det viktig å sjå moderne og oppdaterte ut for omgjevnadane. Å kommunisera korleis me har det internt med ei ny og frisk drakt, gjev oss eit lite ekstra pluss i marknaden me opererer i.

Andre aktuelle saker

Nytilsett prosjektutviklar

Nytilsett prosjektutviklar

H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien.Ekstra kjekt er det at Arne Lunestad er på plass på kontoret. Han byrja hjå oss i midten av august, og kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kvammabygg. Me har hatt eit tett samarbeid med Arne i mange...

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

  H2 Hardanger AS er ein av Hanna Børve sine stolte sponsorar!Hanna er ei målretta jente på 22 år frå Øystese. Som 16-åring byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.      No bur ho på Lillehammer, som i følgje Hanna er den beste staden å kunne utvikle seg...

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

  Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med...