Kompetanse

Prosjektering

H2 Hardanger har lang erfaring med prosjektering for private og offentlege byggherrer, samt totalentreprenørar. For byggeteknikk er me sentralt godkjent for tiltaksklasse 3, og kan med det hjelpe deg med både små og store prosjekt. Me tilbyr enkle og trygge løysingar til avtalt tid og pris. 

  • Rådgjevande ingeniør byggeteknikk (RIB)
  • Rådgjevande ingeniør geoteknikk (RIG)
  • Rådgjevande ingeniør bygningsfysikk (RIByfy)
  • Rådgjevande ingeniør vann & avløp (RIVA)
  • Uavhengig kontroll (UAK)
  • Tilstandsanalyse og miljøkartlegging

    Prosjektadministrasjon

    H2 Hardanger ynskjer å vera bindeleddet mellom byggherre og utførande. Der jobbar me for ei prosjektorganisering der både byggherre, prosjekterande og utførande kan vinna saman. God styring og planlegging er avgjerande for alle prosjekt og me tek difor gjerne på oss nøkkelrollar og oppgåver som:

     

    • Prosjekteringsleiing (PGL)
    • Byggeleiing (BL)
    • Prosjektleiing (PL)
    • BIM-koordinator
    • Byggeleiar
    • Byggelånskontrollør
    • Byggherrerepresentant
    • SHA-koordinator (KP/KU)
    • Ansvarleg søkar (SØK)

    Arbeidsmetode

    H2 Hardanger vektlegg samarbeid, og ynskjer tidlegast mogleg å setta seg ned saman med kunden. Gjennom dialog og involvering av nøkkelpersonar kartlegg og dokumenterer me behov, rammer, ynskjer og bygningsmessige premissar før me går vidare med prosjektet.

    Me set opp ein prosjekteringsplan basert på dei ulike leveransane. Resultatet vert ein meir effektiv prosjekteringsprosess som gagnar både byggherre, dei prosjekterande og dei utførande.
    Med andre ord: Me vinn saman!

    I arbeidsmetoden vår er det viktig å forstå behova, rammene og ynska til kunden. Gjennomføringa kan baserast på digital samhandling. Avhengig av omfanget av prosjektet kan gjennomføring baserast på VDC, under dette LEAN-planlegging, ICE-møter og målingar.

    Sertifisering

     

    H2 Hardanger er sentralt godkjent.
    Føretak som er sentralt godkjent har kompetanse, erfaring og system som er tilpassa deira aktivitet i byggenæringa.