Om oss
H2 Hardanger er eit rådgjevande ingeniørselskap innan bygg og anlegg. Me tilbyr prosjektering og prosjektadministrasjon for offentlege og private byggherrar.H2 Hardanger
I 2019 blei H2 Hardanger AS fisjonert ut av H2 Byggeteknikk AS. Firmaet er leia av sivilingeniør Håkon Hjartnes, ein av dei to gründerane bak H2 Byggeteknikk AS.
H2 blei grunnlagt i 2006 som reindyrka ingeniørfirma innan byggeteknikk. Sidan firmaet starta opp har H2 bidratt i langt over 1500 prosjekt.
Porteføljen er mangfaldig og inneheld eit vidt spekter av prosjekt: næringsbygg, fleirhusvære, hotell, skular, barnehagar, sjukehus, reinseanlegg, bruer, kraftstasjonar, kunstinstallasjonar og mykje anna.
Dei siste åra har aktiviteten i større grad byrja å favne over andre tenester enn reine RIB-oppgåver. Prosjektadministrasjon har etter kvart blitt ein vel så stor del av kvardagen i H2 Hardanger AS.
Etter fisjon i 2019 blei 3 tilsette ved Hardangerkontoret til H2 Byggeteknikk AS overført til H2 Hardanger AS. H2 Hardanger er no blitt 8 tilsette.
H2 Hardanger vil halde fram med å levere kvalitet i alle tenester. Me har som mål å vera den beste arbeidsplassen og det leiande ingeniørmiljøet i vår region.
Laget
H2 Hardanger er ein sosial og allsidig arbeidsplass der alle får vera med å påverka utviklinga. Dei tilsette har riktig og god erfaring og brei kompetanse.

Håkon Hjartnes
Sivilingeniør
Dagleg leiar / fagleg leiar
Over 20 år allsidig erfaring innan byggeteknikk, prosjekterings- og prosjektleiing.
908 24 252
hh@h2hardanger.no

Anders Hjartnes
Ingeniør
Prosjektleiing / RIB
Lang fartstid frå byggeplass, samt bygge- og prosjektleiing.
Leiar for UK-prosjekt.
928 26 895
ah@h2hardanger.no

Thomas Mælen
Siviløkonom
Prosjektleiing / LEAN-ansvarleg
Brei erfaring med produktutvikling, markedsføring og ledelse i ulike bransjer – siste 10 år i byggebransjen. Spesielt opptatt av å bruke LEAN og VDC i byggebransjen.
920 51 043
tm@h2hardanger.no

Kjetil Kvittingen
Sivilingeniør
RIB
Konstruksjonsteknikk, Berekning, BIM-prosjektering. Bygg-, anleggs- og samferdselskonstruksjoner. Revit, FEM-design, AutoCAD, Fokus Konstruksjon mm.
Fleire års erfaring frå større rådgjevande ingeniørkontor.
948 88 540
kk@h2hardanger.no

Arild Kvittingen
Sivilingeniør
RIB / BIM-ansvarleg
Konstruksjonsteknikk, Berekning, BIM-prosjektering. Bygg- og annlegskonstruksjoner.
Revit, FEM-design, AutoCAD, Fokus Konstruksjon mm.
481 47 073
ak@h2hardanger.no

Harald Fykse
Ingeniør
Prosjektleiing / RIVA
Lang erfaring med prosjektering av industrielle og offentlege VA-anlegg, samt tverrfagleg prosjekteringsleiing.
905 86 236
hf@h2hardanger.no

Wenche Eide Skeie
Kontorleiar
Utdanna sjukepleiar. Har jobba som bedriftssjukepleiar og HMS-rådgjevar, og har god kompetanse innan kvalitets- og HMS-arbeid.
971 82 586
wes@h2hardanger.no

Tone Sandven
Sivilingeniør
RIB / KS-ansvarleg
Konstruksjonsteknikk, Berekning, BIM-prosjektering.
Spesialkompetanse innan trekonstruksjonar.
909 45 490

Olav Mikal Fykse
Ingeniør
Prosjektleiing / RIE
Har i mange år jobba som prosjektleiar og har særleg kompetanse innan el-kraft.
970 18 583
omf@h2hardanger.no
Ledige stillingar
H2 Hardanger tilbyr interssante oppgåver, gode vilkår og stor fleksibilitet. Me søkjer stadig nye framtidsretta, sosiale og digitale medarbeidarar.
RIB-ingeniør byggeteknikk
- Kjennskap til Revit, BIM, VDC
- Erfaring med berekningsprogram som t.d. FEM-Design og Focus
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Lærevillig og gjerne med praktisk erfaring
Prosjektleiar
- Leie prosjekt frå idé til overlevering
- Ynskje om å jobbe med LEAN
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Erfaren og lærevillig
- Kontor i Norheimsund
Spørsmål om stillingane og firmaet kan rettast til Håkon Hjartnes: 908 24 252 – hh@h2hardanger.no
eller til Thomas Mælen: 920 51 043 – tm@h2hardanger.no