Nytilsett prosjektleiar med base på Voss

I desember byrja Ranveig Steinsheim som prosjektleiar i H2 Hardanger. Med stadig fleire prosjekt på Voss har det vore naturleg å etablere eit kontor der. Ranveig er stort sett stasjonert på Voss, og kjem til Norheimsund nokre dagar i veka.
Ranveig har bachelor i byggingeniør frå HLV, og vidare master i Industriell økonomi- og teknologiledelse frå Uia.
Ho kjem frå stillinga som prosjektingeniør i Consto, kor ho mellom anna har hatt hovudansvar for HMS og KS i store prosjekt som Baneheia Park.

Det er positivt å få fleire kvinnlege tilsette med på laget, og særleg kjekt er det at Ranveig har ei brei og relevant utdanning som bidreg til å utvikla H2 framover.

Andre aktuelle saker

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon. H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta...