Norsk havteknologisenter på Tyholt i Trondheim

Norsk havteknologisenter er eit nasjonalt kunnskapssenter som skal bidra til berekraftig utvikling av havnæringa. Senteret er under oppføring og skal etter planen stå ferdig i 2028.

Byggherre er Statbygg og Sintef vert brukar.
Framo AS har leigd inn H2 Hardanger til prosjektleiing i samspelsfasen. Olav Mikal Fykse er prosjektleiar, og fortel om eit stort og viktig prosjekt for aktørar i havnæringa. Laboratoriet skal brukast for å simulera realistiske tilhøve ute på havet. Samt for å testa og utvikla ulike installasjonar til offshore-konstruksjonar, skip, fiskemerdar og havvindturbinar, før dei vert tekne i bruk.

I samspelsfasen er det fokus på koordinering mellom byggherre, brukar, byggentreprenør og utstyrsleverandørar for å kunne tilpasse framdrift og utvikle grensesnitt til byggefasen.

Arealet på heile senteret er på om lag 45 000 kvm, og bassengbygget kjem på 26 000 kvm.

Framo AS skal totalt levere 96 pumper. 225 kubikkmeter vatn i sekundet som skal strøyme gjennom bassenget. 225 kubikkmeter i sekundet tilsvarar omtrent dobbelt av normal vassføring i Nidelven.

 

Illustrasjonsbilete under syner pumpene, og fortel noko om storleiken på anlegget.

 

 

Illustrasjon av pumper. 3D-illustrasjon, Framo

Illustrasjon av pumper. 3D-illustrasjon, Framo

Bilete i overskrifta: Illustrasjon av det nye havbassenget. 3D illustrasjon, Statsbygg/LINK Arkitektur

Andre aktuelle saker

H2 Hardanger er stadig i vekst!

H2 Hardanger er stadig i vekst!

Me er stolte over å kunne presentera Hogne Høysæter som ny prosjektleiar i H2 Hardanger. Han byrja hjå oss i november, og er godt i gang med nye arbeidsoppgåver for både nye og gamle oppdragsgivarar.Hogne har lang erfaring med prosjektleiing, detaljprosjektering,...

Morten – ny prosjektleiar i H2!

Morten – ny prosjektleiar i H2!

I august var me heldige å få Morten Jakobsen med oss på laget.Morten har svennebrev som tømrar og vidare ein bachelorgrad i Landmåling & Eiendomsdesign.Tidlegare har han mellom anna jobba som Geomatikar/Oppmålingsingeniør innan industri, eigedom og bygg &...

Ny brannstasjon på Voss

Ny brannstasjon på Voss

H2 Hardanger har, saman med resten av Fuglafjell, vunne oppdraget med å byggja ny brannstasjon på Voss. Me har tidlegare vist i Kvam at brannstasjon er noko me kan. Den nye brannstasjonen vil verta reist på Tvildemoen, og skal, i samsvar med Voss Herad sine...