Ænes Inkubator er i gang

På Ænes i Kvinnherad skal Lingalaks AS, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskanlegg AS byggje eit av dei største landbaserte settefiskanlegget i regionen. Byggherre har valt H2 Hardanger som administrativ ressurs i prosjektet. Totalt bistår H2 Hardanger med prosjektleiar, prosjektingeniør bygg, og prosjektingeniør prosess. I tillegg bistår H2 Hardanger med uavhengig kontroll og SHA-koordinering. Detaljprosjektering har starta. Tomta er planert, og det er planlagt oppstart på byggjeplass i løpet av hausten 2020.

I alt skal anlegget bestå av 5 RAS-avdelingar, samt klekkeri og administrasjonsbygg. Ferdig utbygd vil anlegget ha ein storleik på rundt 10 500 kvm, og kunne produsere omlag 3 000 tonn smolt pr år.

 

 

 

 

Andre aktuelle saker

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

  H2 Hardanger AS er ein av Hanna Børve sine stolte sponsorar!Hanna er ei målretta jente på 22 år frå Øystese. Som 16-åring byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.      No bur ho på Lillehammer, som i følgje Hanna er den beste staden å kunne utvikle seg...

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

  Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med...