Me er stolte over å kunne presentera Hogne Høysæter som ny prosjektleiar i H2 Hardanger. Han byrja hjå oss i november, og er godt i gang med nye arbeidsoppgåver for både nye og gamle oppdragsgivarar.
Hogne har lang erfaring med prosjektleiing, detaljprosjektering, byggjeleiing og prosjektgjennomføring av kommunaltekniske anlegg for VA, veg, renovasjon og idrettsanlegg.
Dei siste åra har Hogne jobba som senior prosjektleiar i Cowi AS, og har tidlegare vore tilsett som avdelingsingeniør, driftssjef og teknisk sjef i Kvam herad.
H2 Hardanger har med tilsetjinga av Hogne fått ein svært erfaren og anerkjent ressurs innan fagfeltet kommunalteknikk med på laget, og me er trygge på at Hogne kan bruke erfaringane sine til gode for våre oppdragsgivarar innan både dette og andre områder.
Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg
Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...