Eidfjord brannstasjon

Eidfjord kommune byggjer i desse dagar ny brannstasjon. Bygget ligg på Lægreid i tilknytting til kommunen si driftsavdeling. Brannstasjonen er rikt utstyrt med garderobar, kontor, møterom, treningsrom, vognhall for 6 utrykningskjøretøy og tilhøyrande vaskehall.

Bygget er karakteristisk med sine skrå betongveggar og mørke kledning. Kombinasjonen av betong, grønt tak og mørkt tre gjev eit robust og moderne uttrykk som høver fint inn i det dramatiske landskapsrommet i Eidfjord.

Spesielle forhold rundt skredvind frå fjella i sør-aust, har lagt premissar for material og utforming av brannstasjonen. Lasta på bygget, i tilfelle skred, er på heile 1000 kg pr. kvadratmeter. Dette tilsvarar 4 gongar normal snølast på tak. Denne lasta verkar på både fasadar og tak.
I enkelte områder på bygget er lasta oppe i heile 2200 kg pr. kvadratmeter i både trykk og løft.  Stasjonen må kunne tole solid juling. Desse kreftene er det H2 Hardanger si oppgåve å temme.

Konstruksjonen som utgjer store delar av det synlege bygget vert utført som prefabrikkerte betongelement. Dette gjev høg kvalitet på betongarbeidet, men stiller strenge krav til prosjektering og samhandling mellom dei prosjekterande. Slikt vert spesielt utfordrande når kravet frå Eidfjord kommune er at brannstasjonen skal stå klar på imponerande 8 månadar, altså april 2021.

Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise. Funksjon- og ytingsskildringa er eit resultat av eit godt forprosjekt som er detaljert og grundig. Dette gjev færre tvistar og ei enklare gjennomføring. Det heile vert kontrollert av ein røynd administrasjon og prosjektleiing.

H2 Hardanger har ansvar for byggjeteknikk, samt geoteknikk og VA. Det er eit spanande og utfordrande prosjekt å få ta del i, då det er mange dyktige aktørar involvert for å reise Eidfjord brannstasjon.

Byggherre er Eidfjord Kommune, totalentreprenør er Seimen AS. Arkitekt for forprosjektet er Bruket AS.
Illustrasjon på bilete under er utarbeidt av Bruket AS.

 

 

 

 

 

 

Andre aktuelle saker

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon. H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta...