Aktuelt

Aktuelle saker frå H2 Hardanger

Ledige stillingar i H2 Hardanger

Ledige stillingar i H2 Hardanger

Me kan nemne mange grunnar for at folk bør søke jobb hjå oss i H2 Hardanger.Så dersom du er prosjektleiar eller ingeniør og kjenner at du let deg freista, ring oss - så skal du få høyre kva me kan tilby deg!   

Jondal skule byggetrinn 4.2

Jondal skule byggetrinn 4.2

I desse dagar går Røynstrand entreprenør i gang med førebels siste byggetrinn ved Jondal skule; byggetrinn 4.2. Dette byggetrinnet omfattar riving av gamal gymsal og tilhøyrande garderobar ved Jondal skule. Det skal førast opp eit nytt bygg med mellom anna nye...

Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo

Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo

Hardanger Fiskeforedling AS har valt H2 Hardanger til samarbeidspartnar innan prosjektadministrasjon i samband med utbygginga av lakseslakteri i Langevåg på Bømlo. Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk AS, Eidesvik Laks AS, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS har gått...

Nytilsett prosjektleiar i H2 Hardanger

Nytilsett prosjektleiar i H2 Hardanger

Olav Mikal Fykse har vore tilsett i 50% stilling som prosjektleiar hjå H2 Hardanger AS sidan november 2020. 1. februar byrjar han i full stilling. Olav Mikal har praktisk utdanning med fagbrev som elektrikar. I tillegg har han teke fagskule på elkraft og er godkjent...

Bru over Vosso

Bru over Vosso

H2 Hardanger AS prosjekterer ny gangbru over Vosso. Brua blir ei flott fagverksbru i stål. Total spennvidde blir opp mot 70 meter. Dette er ein kompleks konstruksjon som kjem inn under tiltaksklasse 3 i konstruksjonsteknikk. Dette kan sjølvsagt H2 Hardanger handtere....

Eidfjord brannstasjon

Eidfjord brannstasjon

Eidfjord kommune byggjer i desse dagar ny brannstasjon. Bygget ligg på Lægreid i tilknytting til kommunen si driftsavdeling. Brannstasjonen er rikt utstyrt med garderobar, kontor, møterom, treningsrom, vognhall for 6 utrykningskjøretøy med tilhøyrande vaskehall.

Bygget er karakteristisk med sine skrå betongveggar og mørke kledning. Kombinasjonen av betong, grønt tak og mørkt tre gjev eit robust og moderne uttrykk som høver fint inn i det dramatiske landskapsrommet i Eidfjord.

Spesielle forhold rundt skredvind frå fjella i sør-aust, har lagt premissar for material og utforming av brannstasjonen. Lasta på bygget, i tilfelle skred, er på heile 1000 kg pr. kvadratmeter. Dette tilsvarar 4 gongar normal snølast på tak. Denne lasta verkar på både fasadar og tak.
Enkelte områder på bygget er lasta opp i heile 2200 kg pr. kvadratmeter i både trykk og løft.  Stasjonen kan med dette tole solid juling. Desse kreftene er det H2 Hardanger si oppgåve å temme.

Konstruksjonen som utgjer store delar av det synlege bygget vert utført som prefabrikkert betongelement. Dette gjev høg kvalitet på betongarbeidet, men stiller strenge krav til prosjektering og samhandling mellom dei prosjekterande. Slikt vert spesielt utfordrande når kravet frå Eidfjord kommune er at brannstasjonen skal stå klar på imponerande 8 månadar, altså april 2021.

Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise. Funksjon og ytingsskildringa er eit resultat av eit godt forprosjekt som er detaljert og grundig. Dette gjev færre tvistar og ei enklare gjennomføring. Det heile vert kontrollert av ein røynd administrasjon og prosjektleiing.

H2 Hardanger har ansvar for byggjeteknikk, samt geoteknikk og VA. Det er eit spanande og utfordrande prosjekt å få ta del i, då det er mange dyktige aktørar involvert for å reise Eidfjord brannstasjon.

Byggherre er Eidfjord Kommune, totalentreprenør er Seimen AS. Arkitekt for forprosjektet er Bruket AS.
Illustrasjon på bilete under er utarbeidt av Bruket AS.

Landstraum til fôrflåtar

Landstraum til fôrflåtar

Lingalaks vurderer etablering av landstraum til fôrflåtane Tveitnes og Lingaholmane. Dette er eit miljøtiltak for å spare CO2-utslepp frå dieselgenerator, og transport av drivstoff. Etableringa på Lingaholmane er støtta av Enova, medan på Tveitnes betalar Lingalaks...

Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang

Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang

I midten av august starta Røynstrand Entreprenør opp med det som er 4 byggetrinn ved Jondal skule.
H2 Hardanger har vore engasjert innan prosjekt og byggjeleiing sidan oppstarten av byggetrinn 1 hausten 2017.
Byggetrinn 4 inneber riving av det gamle biblioteket og nybygg som skal innehalde areal for praktisk-estetiske fag

Mowi oppgraderer på Kvingo!

Mowi oppgraderer på Kvingo!

H2 Hardanger AS bistår med RIB-Prosjektering når Mowi Kvingo oppdaterer anlegget sitt. Prosjektet omfattar forsterking av beresystem for nytt startforingsanlegg. I eksisterande produksjonshall er det lagt inn nytt berande dekke. Nytt dekke er fundamentert på...

H2 Hardanger i ny drakt

H2 Hardanger i ny drakt

I vår fekk H2 Hardanger ny logo, og vernebekledninga er sjølvsagt fornya med riktig logo. No er det ingen tvil om kva verksemd våre tilsette kjem frå!           

Udlabu omsorgsbustadar reiser seg på Voss

Udlabu omsorgsbustadar reiser seg på Voss

På den gamle Udlabu tomta til Voss kommune reiser det seg i desse dagar tre nye omsorgsbustadar. Det skal i alt vera 20 bustadar fordelt på 3 bufellesskap. Det er Bruket Arkitektur AS som har teikna bygget, og H2 Hardanger prosjekterer beresystemet. Arkobygg AS er...