Vøla av kyrkjetak i Strandebarm

Vøla av kyrkjetak i Strandebarm

Kyrkja skal få nytt tak. Prosjektet er finansiert med 7,5 millionar kommunale kroner og 1,5 millionar frå Riksantikvaren.

H2 si rolle er prosjekt- og byggjeleiing.

Tilbodet frå H2 Hardanger AS var klart best på alle punkt, ifylgje kyrkjeverje Olav Skeie Lid. Seinare i prosessen skal fellesrådet velja entreprenør. Biskopen er søkt om løyve til å gjennomføra prosjektet.

Overlevering av Voss Ungdomsskule

Overlevering av Voss Ungdomsskule

 

Fredag 15. desember vart Voss ungdomsskule overlevert frå Horgi AS til Voss herad.

Prosjektet var ei totalentreprise med samspel, og totalentreprenør har vore Horgi AS som H2 Hardanger er ein del av.

H2 Hardanger har hatt mange ulike rollar i prosjektet som blant anna prosjekteringsleiing, prosjektering av bygningsfysikk, bæresystem samt vatn og avløp.
Anders Hjartnes har hatt rolla som prosjekt- og byggjeleiar i heile prosjektet.
Arkitekt er HLM arkitektur AS.

Samspelsfasen starta i mars 2021, og rivinga av eksisterande bygg starta i mai 2021.
Prosjektet har omfatta riving av eksisterande gym og symjehall, i tillegg til  bygging av ny idrettS- og skulefløy.
Bygga har eit BRA på ca 2780m2 og inneheld blant anna klasserom, sanserom, aula, gymsal og teknisk kjellar med reinseanlegg for utebassenget. I tillegg vart heile utomhusområdet ved Voss ungdomsskule oppgradert med blant anna ballbinge, løpebane, pergola og utebenkar.

Idrettsdelen er oppført i lim- og massivtre, medan skuledel er oppført i prefab betong.

Me takkar for tilliten, og er stolte over å få medverke til at innbyggjarane på Voss får eit så staseleg og bra skulebygg!

 

Eide Smolt Sundal – Nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – Nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS har via selskapet Eide Smolt AS kjøpt det gamle smoltanlegget i Sundal av Sjøtroll Havbruk AS
(del av Lerøy Seafood Group). Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 mill. smolt pr år innanfor gjeldande utsleppsløyve.

Prosjektet omfattar i byggetrinn 1 riving av det gamle anlegget, etablering av 6 nye fiskekar (12 m i diameter), fôringsanlegg, oksygenanlegg, slamreinsesanlegg  og nytt bygg med reinseanlegg for inntaksvatn, ny trafo, garderobar og kontorfasilitetar. Biletet viser anlegget før riving.
I seinare byggetrinn er det mellom anna lagt opp til etablering av fleire fiskekar, ny overføringsleidning for ferskvatn, ny avløpsleidning til sjø og nytt bygg for slamanlegget.

Planlegging av anlegget er gjennomført med ein defineringsfase mellom Eide Smolt og H2 Hardanger, deretter ein sampelsfase vår-haust 2023 mellom Eide Smolt, Artec Aqua og H2 Hardanger.

Gjennomføring av prosjektet blir utført med prosessleveranse som ein totalentreprise, medan resterande leveransar blir utført som delte entreprisar og byggherreinnkjøp. Rivearbeid er utført og planlagt oppstart byggearbeid er i januar 2024. Målet er innsett av smolt i oktober 2024.

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, PGL, SHA/KP/KU, BL) og RiMiljø, RiB, RiG og BIM prosjektering.

Byggeperiode: 2024

Byggherre: Eide Smolt AS

Entreprenørar: Artec Aqua AS (prosess og elektro), Byggservice AS (grunn, betong, stål), Jondal Bygg AS (tømrar og malar), Nils Aksnes & Co AS (VVS)

Nytilsett prosjektutviklar

Nytilsett prosjektutviklar

H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien.
Ekstra kjekt er det at Arne Lunestad er på plass på kontoret. Han byrja hjå oss i midten av august, og kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kvammabygg. Me har hatt eit tett samarbeid med Arne i mange år, og er glade for å få han med på laget. Arne er utdanna tømrar og byggingeniør og skal ha særleg fokus på prosjektutvikling.

 

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

Stolt sponsor for skiskyttar Hanna Børve

 

H2 Hardanger AS er ein av Hanna Børve sine stolte sponsorar!
Hanna er ei målretta jente på 22 år frå Øystese. Som 16-åring byrja ho på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.      No bur ho på Lillehammer, som i følgje Hanna er den beste staden å kunne utvikle seg som skiskyttar, både med tanke på fasilitetar, idrettsmiljø og den sosiale og viktige delen gjennom laget Team Fosen Yard.

I tillegg til satsinga på skiskyting tek Hanna byggingeniør-studie på deltid. Og for H2 er det sjølvsagt ekstra stas å vera sponsor for ein komande byggingeniør!

Hanna fortel at årets sesong var den siste i juniorklassen, og neste sesong vert som seniorløpar.
Til tross for nokre veker med Covid som gjorde at kroppen ikkje responderte og treninga vart redusert, så klarte Hanna likevel å verta norgesmeister på «heimebane» på Lillehammer i februar.

Me er svært imponerte over prestasjonane til Hanna, og heiar høglytt og stolt frå sidelina!
Gjengen i H2 Hardanger ynskjer lukke til med både eksamen og satsinga framover!

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

Oppstart av ny fabrikk på Langevåg

 

Hardanger Seafood sin fabrikk på Langevåg på Bømlo er teken i bruk.
6. mars vart det starta opp prøvedrift, og fisk vart sendt gjennom slakteriet og vidare ut til til kundar for fyrste gong.
Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger AS har sidan 2020 leia prosjektet med stødig hand for Hardanger Seafood.

Fykse seier at anlegget er 4000 kvm stort og kan levere 200 tonn sløyd fisk på ein normal arbeidsdag.

Fabrikken er no eit topp moderne lakseslakteri, med stor grad av automasjon og fleksibilitet. Gjennom heile prosjektet har det vore fokus på hygiene, arbeidsmiljø, effektivitet og HMS. Det er brukt store ressursar på utforming med tanke på reinhald og automatiske vaskesystem. Det er mellom anna installert automatisk vaskesystem for reinhald innvendig i alle røyr som transporterer produkt brukt i mat. Som fyrste fabrikk i verda er det også teke med røyra og pumpa som fører fisken inn i fabrikken.

Prosjektet har hatt stort fokus på arbeidsmiljøet, ergonomi og HMS. Prosjektet har vorte gjennomført heilt utan alvorlege skader på personar, bygg og utstyr. Fykse beskriv eit kraftig ventilasjonssystem, utforma spesielt med tanke på arbeidsplassar og produksjonsutstyr, med blant anna avfuktarar som skapar betre luftkvalitet for både tilsette, hygieneforhold og som hindrar spreiing og vekst av bakteriar. Vidare nemner han justerbare arbeidsplattformar og vaskeplattformar som førebyggjande arbeidsmiljøtiltak.

Kontordelen er totalrenovert og har med dette fått ny kantine, møterom og kontor. Samt garderobar med rein og skitten sone.

Helgesen tekniske bygg har vore totalentreprenør på bygget. Utstyret er levert frå om lag 14 ulike leverandørar frå fleire land i Europa og koordinert og følgt opp med god hjelp av Pescatech.

Prosjektleiaren skryt over eit unikt og godt samarbeid mellom aktørane, og er stolt over resultatet som alle leverandørane har fått til.

H2 Hardanger ynskjer Hardanger Seafood til lukka med ny fabrikk!