Bru over Vosso

Bru over Vosso

H2 Hardanger AS prosjekterer ny gangbru over Vosso. Brua blir ei flott fagverksbru i stål. Total spennvidde blir opp mot 70 meter. Dette er ein kompleks konstruksjon som kjem inn under tiltaksklasse 3 i konstruksjonsteknikk.
Dette kan sjølvsagt H2 Hardanger handtere. I tillegg til konstruksjonsteknikk har me og ansvar for geoteknisk prosjektering.

H2 Hardanger tykkjer det er kjekt å få ta del i den flotte utviklinga på Voss. Den nye brua vil knyte Nyrefeltet tettare til Voss sentrum.

Nede til høgre på flyfoto ser ein «Villa Vosso» som er under bygging. H2 Hardanger prosjekterer også på dette bygget.

Eidfjord brannstasjon

Eidfjord brannstasjon

Eidfjord kommune byggjer i desse dagar ny brannstasjon. Bygget ligg på Lægreid i tilknytting til kommunen si driftsavdeling. Brannstasjonen er rikt utstyrt med garderobar, kontor, møterom, treningsrom, vognhall for 6 utrykningskjøretøy og tilhøyrande vaskehall.

Bygget er karakteristisk med sine skrå betongveggar og mørke kledning. Kombinasjonen av betong, grønt tak og mørkt tre gjev eit robust og moderne uttrykk som høver fint inn i det dramatiske landskapsrommet i Eidfjord.

Spesielle forhold rundt skredvind frå fjella i sør-aust, har lagt premissar for material og utforming av brannstasjonen. Lasta på bygget, i tilfelle skred, er på heile 1000 kg pr. kvadratmeter. Dette tilsvarar 4 gongar normal snølast på tak. Denne lasta verkar på både fasadar og tak.
I enkelte områder på bygget er lasta oppe i heile 2200 kg pr. kvadratmeter i både trykk og løft.  Stasjonen må kunne tole solid juling. Desse kreftene er det H2 Hardanger si oppgåve å temme.

Konstruksjonen som utgjer store delar av det synlege bygget vert utført som prefabrikkerte betongelement. Dette gjev høg kvalitet på betongarbeidet, men stiller strenge krav til prosjektering og samhandling mellom dei prosjekterande. Slikt vert spesielt utfordrande når kravet frå Eidfjord kommune er at brannstasjonen skal stå klar på imponerande 8 månadar, altså april 2021.

Prosjektet blir gjennomført som totalentreprise. Funksjon- og ytingsskildringa er eit resultat av eit godt forprosjekt som er detaljert og grundig. Dette gjev færre tvistar og ei enklare gjennomføring. Det heile vert kontrollert av ein røynd administrasjon og prosjektleiing.

H2 Hardanger har ansvar for byggjeteknikk, samt geoteknikk og VA. Det er eit spanande og utfordrande prosjekt å få ta del i, då det er mange dyktige aktørar involvert for å reise Eidfjord brannstasjon.

Byggherre er Eidfjord Kommune, totalentreprenør er Seimen AS. Arkitekt for forprosjektet er Bruket AS.
Illustrasjon på bilete under er utarbeidt av Bruket AS.

 

 

 

 

 

 

Landstraum til fôrflåtar

Landstraum til fôrflåtar

Lingalaks vurderer etablering av landstraum til fôrflåtane Tveitnes og Lingaholmane.

Dette er eit miljøtiltak for å spare CO2-utslepp frå dieselgenerator, og transport av drivstoff.

Etableringa på Lingaholmane er støtta av Enova, medan på Tveitnes betalar Lingalaks dette fullt ut sjølv.

I praksis omhandlar prosjektet ny høgspentlinje, ny nettstasjon, forsyningslinje ut til flåten, ny trafo på flåten og oppkobling mot eksisterande anlegg ombord.

H2 Hardanger si rolle er prosjektleiing.

Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang

Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang

I midten august starta Røynstrand Entreprenør opp med det som er fjerde byggjetrinn ved Jondal skule. Byggjetrinn 4 inneber riving av det gamle biblioteket og eit nybygg som skal innehalde areal for praktisk-estetiske fag. Røynstrand var også generalentreprenør på byggetrinn 2. 

H2 Hardanger har vore engasjert innan prosjekt- og byggjeleiing sidan oppstart av byggjetrinn 1, hausten 2017.

Byggjetrinn 1 bestod av rehabilitering av symjebasseng, og omfatta nye fliser, veggflater og vindauge i symjehall. Vidare vart alt bassengteknisk utstyr skifta ut, mellom anna reinseanlegg og ventilasjon.

Byggjetrinn 2 innebar rehabilitering av klasserom og administrasjonsdel, påbygg av nye toalett, ni gruppperom, samt kjøkken for skulefritidsordning. Totalt er storleiken på omlag 1800 m2. 

I byggjetrinn 3 vart det reist ny fleirbrukshall, med tilhøyrande skulekjøkken, bibliotek og treningssenter.

Prosjektleiar Anders Hjartnes tykkjer det er fint når ein får bistå kunden frå idè til ferdig bygg, og i fleire byggjetrinn.
-Eg opplever å få god kontakt med samarbeidspartnerar. Koordinering og kontinuiteten i arbeidet vert såleis betre. Vidare er det sjølvsagt moro å få bistå i eit prosjekt som truleg vil vera til glede for mange i Jondal!

 

 

 

 

 

 

Planlegg nytt leilegheitsbygg – eit steinkast frå hamna i Norheimsund

Planlegg nytt leilegheitsbygg – eit steinkast frå hamna i Norheimsund

Bratt AS har kjøpt Hardangerfjordvegen 15 og 17, og H2 skal planleggje og utvikle prosjektet. 
Målet er at leilegheitsbygget skal verta eit blikkfang som oppgraderer og komplimenterer resten av husrekkja i strandlina.         
Det vert utsikt mot fjord og fonn, og kort veg til det meste av tenester. 
Me gler oss til å bidra i arbeidet med å oppgradere strandlina i Norheimsund. 

 

 

 

 

 

Mowi oppgraderer på Kvingo!

Mowi oppgraderer på Kvingo!

H2 Hardanger AS bistår med RIB-Prosjektering når Mowi Kvingo oppdaterer anlegget sitt. Prosjektet omfattar forsterking av beresystem for nytt startforingsanlegg. I eksisterande produksjonshall er det lagt inn nytt berande dekke. Nytt dekke er fundamentert på stålkjernepelar gjennom gamle konstruksjonar.

H2 har i tillegg utført prosjektering i samband med refundamentering av røyrgate.
Det er moro å følgje utviklinga i oppdrettsbransjen!