Nytilsett prosjektleiar

Nytilsett prosjektleiar

1. mai byrja Heine Vik i fast stilling som prosjektleiar i H2 Hardanger, etter å ha vore innleigd frå Kvammabygg sidan 8. februar.
Heine har god røynsle og me er svært glade for å ha fått han med på laget.

 

H2 Hardanger satsar på yngre krefter!

H2 Hardanger satsar på yngre krefter!

Erlend Ukvitne har takka ja til å byrje i H2 Hardanger i august. Han går siste året på masterstudium innan bygg- og miljøteknikk. 
Me gledar oss til han kjem!

 

 

Ledige stillingar i H2 Hardanger

Ledige stillingar i H2 Hardanger

Me kan nemne mange grunnar for at folk bør søke jobb hjå oss i H2 Hardanger.
Så dersom du er prosjektleiar eller ingeniør og kjenner at du let deg freista, ring oss – så skal du få høyre kva me kan tilby deg! 

 

Jondal skule byggetrinn 4.2

Jondal skule byggetrinn 4.2

I desse dagar går Røynstrand entreprenør i gang med førebels siste byggetrinn ved Jondal skule; byggetrinn 4.2.

Dette byggetrinnet omfattar riving av gamal gymsal og tilhøyrande garderobar ved Jondal skule.

Det skal førast opp eit nytt bygg med mellom anna nye garderobar tilhøyrande symjehallen, multisal med backstage-arealer, 3 lydrom for kulturskulen, samt to tekniske rom.

Det nye bygget får eit fotavtrykk på omlag 630m2 og skal stå ferdig rundt nyttår 2021.

For Røynstrand Entreprenør AS er dette tredje prosjektet dei utfører ved Jondal skule, Byggetrinn 2 vart overlevert i sumar, medan byggetrinn 4.1 og 4.2 skal ferdigstillast henholdsvis i juni og desember.

H2 Hardanger har vore engasjert i prosjekt- og byggeleiing ved totalt 5 byggetrinn ved Jondal skule og har vore med sidan mars 2018.

Prosjektet har for H2 omfatta prosjekt- og byggeleiing for:

Byggetrinn 1: Rehabilitering av symjehall på ca 470m2, utskifting av teknisk utstyr i bassengkjellar.

Byggetrinn 2: Rehabilitering av skulebygg, med påbygg, ca 1700m2 fordelt over tre etasjar

Byggetrinn 3: Ny fleirbrukshall, inkl bibliotek og skulekjøkken, ca 2100m2 med tribune m.m

Byggetrinn 4.1: Nytt bygg for praktisk- estetiske fag, ca 380m2

Byggetrinn 4.2: Nye garderobar, multisal og kultruskule, ca 730m2 inkludert tekn.rom plan 2

Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo

Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo

Hardanger Fiskeforedling AS har valt H2 Hardanger til samarbeidspartnar innan prosjektadministrasjon i samband med utbygginga av lakseslakteri i Langevåg på Bømlo.

Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk AS, Eidesvik Laks AS, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS har gått saman om å bygge ut anlegget til tidlegare Espevær Laks. Anlegget skal produsere ca 200 tonn sløyd fisk kvar dag. Eit nytt og moderne slakteri med stor grad av automatiserte prosessar. Anlegget vert bygd for å kunna ta i mot fisk frå ventemerd, brønnbåt, bløggebåt og slaktebåt.

H2 Hardanger er engasjert av eigarane for å ta rolla som prosjektleiar for byggherre. Anlegget er under prosjektering og det er forventa at det vert sendt ut for prising i løpet av mars månad.

For oss er det ein stor tillitserklæring å få delta i prosjekteringsarbeidet og vidare i utbygginga av dette prosjektet, seier prosjektleiar Olav Mikal Fykse.

I tillegg til å ha rolla som prosjektleiar i prosjektet, har me i prosjekteringsarbeidet rolla som BIM koordinator, RIB, RIG, RIE og RIVa. Dette gjer at me får veldig god kjennskap til prosjektet og får ein unik og tett oppfølging på bygg og prosessanlegg, i tett samarbeid med kunde og andre prosjekterande fag.

For oss i H2 Hardanger er bygginga av nytt lakseslakteri viktig for å stadfeste at oppdrettsbransjen er eit viktig satsingsområde for oss. Samstundes er det eit bevis på at mindre verksemder kan konkurrere mot dei store nasjonale aktørane når det kjem til prosjektleiing og prosjektadministrasjon, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes.

Nytilsett prosjektleiar i H2 Hardanger

Nytilsett prosjektleiar i H2 Hardanger

Olav Mikal Fykse har vore tilsett i 50% stilling som prosjektleiar hjå H2 Hardanger AS sidan november 2020.
1. februar byrjar han i full stilling. Olav Mikal har praktisk utdanning med fagbrev som elektrikar. I tillegg har han teke fagskule på elkraft og er godkjent elektroinstallatør.

Etter å ha jobba fleire år som elektrikar og elektroingeniør med kontroll av elektriske anlegg og  prosjektstyring, har han dei siste åra jobba som prosjektleiar og avdelingsleiar i eit entreprenørselskap som leverer modulbygg i heile Noreg.

Tilsetjinga av Olav Mikal vil vere ei vesentleg forsterkning for H2 innan prosjektadministrasjon. I tillegg vil det gje oss ny kompetanse innan fagområdet elkraft.