H2 Hardanger får ny profil

Ny visuell drakt og nettside markerer ny start i Hardanger.

Firmaet starta i 2006 som H2 Byggeteknikk i Bergen. I 2018 vart H2 Hardanger og H2 Bergen etablerte som to avdelingar i same firma, med sams logo og nettside. Frå 2020 er selskapa to separate einingar. 

I høve dette vegskilet har H2 Hardanger fått utarbeida ny logo og ny nettside. Nytt domene med tilhøyrande e-postadresser er også på plass.

– Dei gamle e-postadressene som sluttar på @h2b.no vil vera operative i ein overgangsfase, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes, men i februar starta me bruka adresser som sluttar på @h2hardanger.no. 

Ei ny grafisk drakt var naturleg no fortel Hjartnes.

– For å markera dette vegskilet i historia til firmaet var det sjølvsagt for oss at me måtte ha ein ny utsjånad. I tillegg er det viktig å sjå moderne og oppdaterte ut for omgjevnadane. Å kommunisera korleis me har det internt med ei ny og frisk drakt, gjev oss eit lite ekstra pluss i marknaden me opererer i.

Andre aktuelle saker

H2 Hardanger er stadig i vekst!

H2 Hardanger er stadig i vekst!

Me er stolte over å kunne presentera Hogne Høysæter som ny prosjektleiar i H2 Hardanger. Han byrja hjå oss i november, og er godt i gang med nye arbeidsoppgåver for både nye og gamle oppdragsgivarar.Hogne har lang erfaring med prosjektleiing, detaljprosjektering,...

Morten – ny prosjektleiar i H2!

Morten – ny prosjektleiar i H2!

I august var me heldige å få Morten Jakobsen med oss på laget.Morten har svennebrev som tømrar og vidare ein bachelorgrad i Landmåling & Eiendomsdesign.Tidlegare har han mellom anna jobba som Geomatikar/Oppmålingsingeniør innan industri, eigedom og bygg &...

Ny brannstasjon på Voss

Ny brannstasjon på Voss

H2 Hardanger har, saman med resten av Fuglafjell, vunne oppdraget med å byggja ny brannstasjon på Voss. Me har tidlegare vist i Kvam at brannstasjon er noko me kan. Den nye brannstasjonen vil verta reist på Tvildemoen, og skal, i samsvar med Voss Herad sine...