default

Nytt lakseslakteri i Langevåg på Bømlo

Hardanger Fiskeforedling AS har valt H2 Hardanger til samarbeidspartnar innan prosjektadministrasjon i samband med utbygginga av lakseslakteri i Langevåg på Bømlo.

Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk AS, Eidesvik Laks AS, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS har gått saman om å bygge ut anlegget til tidlegare Espevær Laks. Anlegget skal produsere ca 200 tonn sløyd fisk kvar dag. Eit nytt og moderne slakteri med stor grad av automatiserte prosessar. Anlegget vert bygd for å kunna ta i mot fisk frå ventemerd, brønnbåt, bløggebåt og slaktebåt.

H2 Hardanger er engasjert av eigarane for å ta rolla som prosjektleiar for byggherre. Anlegget er under prosjektering og det er forventa at det vert sendt ut for prising i løpet av mars månad.

For oss er det ein stor tillitserklæring å få delta i prosjekteringsarbeidet og vidare i utbygginga av dette prosjektet, seier prosjektleiar Olav Mikal Fykse.

I tillegg til å ha rolla som prosjektleiar i prosjektet, har me i prosjekteringsarbeidet rolla som BIM koordinator, RIB, RIG, RIE og RIVa. Dette gjer at me får veldig god kjennskap til prosjektet og får ein unik og tett oppfølging på bygg og prosessanlegg, i tett samarbeid med kunde og andre prosjekterande fag.

For oss i H2 Hardanger er bygginga av nytt lakseslakteri viktig for å stadfeste at oppdrettsbransjen er eit viktig satsingsområde for oss. Samstundes er det eit bevis på at mindre verksemder kan konkurrere mot dei store nasjonale aktørane når det kjem til prosjektleiing og prosjektadministrasjon, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes.

Andre aktuelle saker

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Smolt Sundal – nytt smoltanlegg

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve. H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide...

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

Sævareid Fiskeanlegg – omfattande utbygging

AS Sævareid Fiskeanlegg, ein del av Bolaks-konsernet, investerer i ei omfattande utbygging for å styrke produksjonskapasiteten og møte framtida sine krav til smoltproduksjon. H2 Hardanger er innleigd som byggherrerepresentant og prosjektleiar, samt for å ivareta...