Mina Evjen er tilsett som ny kontorleiar i H2 Hardanger.
Mina er utdanna siviløkonom frå NHH, med spesialisering innan strategi og leiing.
Ho kjem frå ei stilling som administrasjonskonsulent i Lingalaks. Der jobba ho med Åpenheitslova, berekraftsrapportering og innkjøp, samt mange andre administrative oppgåver.
Frå tidlegare har ho òg erfaring med sakshandsaming og økonomi- og verksemdsstyring frå Skatteetaten og forretningsutvikling og prosjektleiing frå Hardanger og Voss Næringshage.
Mina skreiv masteroppgåve innan temaet team- og teamleiing, og har stor interesse for mekanismane som påverkar om eit samarbeid fungerer godt eller ikkje.
Me er særs nøgde med å ha fått ho med på laget!