H2 Hardanger veks

1. mars 2020 vart H2-laget utvida med to tilsette.

Dei nye tilskota til firmaet er Harald Fykse og Wenche Eide Skeie.

Harald er utdanna VA-ingeniør og har mellom anna lang erfaring frå Multiconsult.
I H2 Hardanger skal han jobba som prosjektleiar.

Wenche er utdanna sjukepleiar, og har erfaring som bedriftssjukepleiar og HMS-rådgjevar frå Bedriftshelse1. Ho har god kompetanse innan kvalitet- og HMS-arbeid.
I H2 Hardanger skal ho jobba som kontorleiar.

Dagleg leiar Håkon Hjartnes seier han er svært nøgd med å få dei nye tilsette inn i firmaet.

– Dei vil styrka oss umiddelbart, både fagleg og sosialt. Me får inn ein erfaren ingeniør som vil gjera oss endå betre rusta i prosjekta våre. Kontorleiar er ei stilling me ikkje har hatt tidlegare, men me ser allereie etter få dagar at dette er noko me treng og noko som gjer oss alle saman betre, og betre saman.

 

 

Andre aktuelle saker

Mina, ny kontorleiar i H2 Hardanger

Mina, ny kontorleiar i H2 Hardanger

Mina Evjen er tilsett som ny kontorleiar i H2 Hardanger. Mina er utdanna siviløkonom frå NHH, med spesialisering innan strategi og leiing. Ho kjem frå ei stilling som administrasjonskonsulent i Lingalaks. Der jobba ho med Åpenheitslova, berekraftsrapportering og...

Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard Arnetveit Liland starta i H2 Hardanger i mai og held til ved kontoret vårt i Bergen, men du vil òg kunne møte han i Norheimsund 1-2 dagar i veka. Han kjem frå stilling som prosjektleiar i Havlandet Havbruk, der han jobba med planlegging og utbygging av...

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er no Miljøfyrtårn-sertifisert 🌿 Me i H2 Hardanger er stolte over å kunne dele at me no er sertifisert som Miljøfyrtårn! Dette markerer ein viktig milepæl i vårt arbeid for ei meir berekraftig framtid – og eit tydeleg bevis på at me tek miljøansvar på...