Horgi AS

Horgi AS

Horgi AS er valgt som samspelsentreprenør av Voss herad for prosjektering og bygging av ny idretts- og skulefløy på Voss ungdomsskule.Horgi AS er ein lokal totalentreprenør på Voss.

Firmaet er organisert som eit arbeidsfellesskap med partane Johs. E. Øvsthus AS, Tecno VVS AS og H2 Hardanger AS.
H2 har ansvar for prosjektering og prosjektadministrasjon.

Samspelsfase er godt i gang, og me kan melde om framifrå samarbeid med Voss herad.

Ny byggingeniør i H2 Hardanger

Ny byggingeniør i H2 Hardanger

Me ynskjer Nils Ove Børve velkomen på kontoret.

Nils Ove er utdanna byggingeniør, med allsidig erfaring frå andre yrker.

Han vil styrke kapasiteten vår innan prosjektering og byggeleiing.

Bygging av Strandebarm omsorg og ny brannstasjon har starta

Bygging av Strandebarm omsorg og ny brannstasjon har starta

Kvam brannstasjon
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS konkurransen om å bygge Kvam Brannstasjon på Mo i Steinsdalen for Kvam herad.
Bygget skal ha ei grunnflate på omlag 870m2 og og skal romme Kvam brann- og redningsteneste, samt sivilforsvaret.
Førebuande arbeid er i gang, og brannstasjonen skal ferdigstillast i oktober 2022. Anders Hjartnes er prosjektleiar.

Strandebarm omsorg
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS konkurransen om å bygge Strandebarm omsorg i Kvam herad. Bygget vert reist på Tangerås i nærleik av skule og idrettsanlegg.
Arkitekt er Holon Arkitekter AS. Håkon Hjartnes i H2 Hardanger AS er prosjektleiar, og Anders Hjartnes er byggeleiar.
Arbeidet starta 8.oktober 2021 og overlevering vert i januar 2023.
Strandebarm omsorg skal innehalde 26 rom, samt plass for legekontor, fysioterapeut etc.
Sentralt i bygget skal det byggast eit atrium med glas i både tak og fasade.

Utomhus er bevisst halde relativt omfattande for å ivareta trivnad, samt stimulere til fysisk aktivitet. Uteområdet vert opparbeida som eit parkanlegg med sansehage, vassrenner og gangvegar der bebuarar kan takast med på ulike lufteturar.

H2 Hardanger er stolt over få vera med å reise desse viktige bygga!

Byggeadministrator i H2 Hardanger

Byggeadministrator i H2 Hardanger

I januar byrja Isak Linga i stillinga som byggeadministrator i H2 Hardanger.
Isak er utdanna maskiningeniør og har tidlegare jobba som prosjektingeniør i oljeindustrien.
Dei siste åra har han vore assisterande driftsleiar og driftsoperatør på eit landbasert oppdrettsanlegg for produksjon av laks.
Isak er allereie godt i gang med prosjektoppfølging på Langevåg slakteri, samt teikning og planlegging av komponentar til Stadionbassenget til Stadion Laks.