Leilegheitsbygg på Kikut
På Kikut byggjer Sivertsen Entreprenør leilegheitsbygg med 43 leilegheiter.
Råbygget er oppe, og taket er snart på plass. Innflytting er planlagt til påsken 2023.
H2 Hardanger er ansvarleg for prosjektering av beresystemet.
På Kikut byggjer Sivertsen Entreprenør leilegheitsbygg med 43 leilegheiter.
Råbygget er oppe, og taket er snart på plass. Innflytting er planlagt til påsken 2023.
H2 Hardanger er ansvarleg for prosjektering av beresystemet.
Det har vore overlevering av Jondal skule byggetrinn 4.2 frå entreprenør til byggherre.
Dette bygget inneheld garderobeanlegg for symjehallen, multisal og kulturskule.
Generalentreprenør har vor Røynstrand Entreprenør AS.
Dette er det femte byggetrinnet ved Jondal skule som H2 Hardanger har hatt prosjektleiinga i for Ullensvang kommune.
Me har vore engasjert i ombygginga på skulen sidan 2018.
I vinter vart me oppringt av ein hyggeleg kvemming som studerer bygg- og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim.
Håvard Aalvik Stranden ynskte å søke sommarjobb i H2.
No er Håvard på plass, og i gang med ingeniørarbeid. Han skal delta på synfaringar og elles prosjektbistand på fleire av prosjekta våre, for å sjå samanheng mellom prosjektering og utføring.
Det er lærerikt for alle partar!
H2 Hardanger har vore heldige å fått leige inn Leif Ketil Sekse frå Kvammabygg. Sidan januar har Leif Ketil vore ein del av H2-gjengen tre dagar i veka. 1. juni byrjar han i 100 % fast stilling i H2 Hardanger.
Leif Ketil er tilsett som byggingeniør, og har fagbrev og erfaring som tømrar.
Han styrker kapasiteten vår innan prosjektering.
1. april byrja Bård Sandven i stillinga som prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger.
Bård har mange års erfaring med byggeleiing frå små og store prosjekt. Han er allereie godt i gang med å leie utbygging av Strandebarm omsorg.
Me gler oss over å ha fått Bård med oss på laget!
H2 er i sterk vekst. Eit kompetent og velfungerande styre er viktig for å kunne jobbe målretta og systematisk med utvikling av verksemda.
Me er særs nøgde med å presentere Tom Rasmussen som ny styreleiar i H2 Hardanger.
Tom har brei erfaring frå ulike leiande stillingar. Han har jobba med både operativ leiing og med kunde-, marknad-, strategi- og forretningsutvikling.
For meir info. om vår nye styreleiar sjå Linkedin; Tom Rasmussen | LinkedIn
H2 ser på Tom som ein viktig ressurs i arbeidet med vidare utvikling. Velkomen Tom!