Byggjetrinn fire ved Jondal skule er i gang

I midten august starta Røynstrand Entreprenør opp med det som er fjerde byggjetrinn ved Jondal skule. Byggjetrinn 4 inneber riving av det gamle biblioteket og eit nybygg som skal innehalde areal for praktisk-estetiske fag. Røynstrand var også generalentreprenør på byggetrinn 2. 

H2 Hardanger har vore engasjert innan prosjekt- og byggjeleiing sidan oppstart av byggjetrinn 1, hausten 2017.

Byggjetrinn 1 bestod av rehabilitering av symjebasseng, og omfatta nye fliser, veggflater og vindauge i symjehall. Vidare vart alt bassengteknisk utstyr skifta ut, mellom anna reinseanlegg og ventilasjon.

Byggjetrinn 2 innebar rehabilitering av klasserom og administrasjonsdel, påbygg av nye toalett, ni gruppperom, samt kjøkken for skulefritidsordning. Totalt er storleiken på omlag 1800 m2. 

I byggjetrinn 3 vart det reist ny fleirbrukshall, med tilhøyrande skulekjøkken, bibliotek og treningssenter.

Prosjektleiar Anders Hjartnes tykkjer det er fint når ein får bistå kunden frå idè til ferdig bygg, og i fleire byggjetrinn.
-Eg opplever å få god kontakt med samarbeidspartnerar. Koordinering og kontinuiteten i arbeidet vert såleis betre. Vidare er det sjølvsagt moro å få bistå i eit prosjekt som truleg vil vera til glede for mange i Jondal!

 

 

 

 

 

 

Andre aktuelle saker

Mina, ny kontorleiar i H2 Hardanger

Mina, ny kontorleiar i H2 Hardanger

Mina Evjen er tilsett som ny kontorleiar i H2 Hardanger. Mina er utdanna siviløkonom frå NHH, med spesialisering innan strategi og leiing. Ho kjem frå ei stilling som administrasjonskonsulent i Lingalaks. Der jobba ho med Åpenheitslova, berekraftsrapportering og...

Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard, ny tilsett i H2 Hardanger

Vegard Arnetveit Liland starta i H2 Hardanger i mai og held til ved kontoret vårt i Bergen, men du vil òg kunne møte han i Norheimsund 1-2 dagar i veka. Han kjem frå stilling som prosjektleiar i Havlandet Havbruk, der han jobba med planlegging og utbygging av...

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er Miljøfyrtårn!

H2 Hardanger er no Miljøfyrtårn-sertifisert 🌿 Me i H2 Hardanger er stolte over å kunne dele at me no er sertifisert som Miljøfyrtårn! Dette markerer ein viktig milepæl i vårt arbeid for ei meir berekraftig framtid – og eit tydeleg bevis på at me tek miljøansvar på...