Ænes Inkubator er i gang

Ænes Inkubator er i gang

På Ænes i Kvinnherad skal Lingalaks AS, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskanlegg AS byggje eit av dei største landbaserte settefiskanlegget i regionen. Byggherre har valt H2 Hardanger som administrativ ressurs i prosjektet. Totalt bistår H2 Hardanger med prosjektleiar, prosjektingeniør bygg, og prosjektingeniør prosess. I tillegg bistår H2 Hardanger med uavhengig kontroll og SHA-koordinering. Detaljprosjektering har starta. Tomta er planert, og det er planlagt oppstart på byggjeplass i løpet av hausten 2020.

I alt skal anlegget bestå av 5 RAS-avdelingar, samt klekkeri og administrasjonsbygg. Ferdig utbygd vil anlegget ha ein storleik på rundt 10 500 kvm, og kunne produsere omlag 3 000 tonn smolt pr år.

 

 

 

 

Endå eit prosjekt i Fuglafjell AS er overlevert

Endå eit prosjekt i Fuglafjell AS er overlevert

Hardingsmolt AS har teke i bruk nytt administrajonsbygg 

30. april 2020 vart det nye administrasjon- og personalbygget til Hardingsmolt AS overlevert.
H2 Hardanger har stått for RIB-prosjektering og prosjektadministrasjon.
Bygget på over 600 kvadrat inneheld mellom anna kontor, møterom, kjøkken og seks hyblar for tilsette.

H2 Hardanger AS takkar for oppdraget – og ynskjer Hardingsmolt AS lukka til med eit særskilt flott bygg!

 

 

 

 

Har henta Tone Sandven tilbake

Har henta Tone Sandven tilbake

Tone er sivilingeniør og byrja hjå H2 Hardanger AS alt i 2011. Dei siste to åra har ho vore tilsett som konstruksjonsansvarleg hjå Vestlandske Limtreindustri AS.

1.mai kom ho tilbake til H2 Hardanger med auka kompetanse innan trekonstruksjonar.

Me er svært takksame for at ho valgte å koma tilbake, og me ser fram til å få styrka både fagkompetanse og arbeidsmiljø ved å ha Tone med på laget att, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes.