Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve.
H2 Hardanger har, i samarbeid med Eide Smolt, administrert og gjennomført prosjektet med riving av det gamle anlegget og utbygging av eit nytt og moderne anlegg på tomta. Det nye anlegget vart overlevert i tråd med framdriftsplanen hausten 2024. Anlegget omfattar:
- Nytt bygg med reinseanlegg for inntaksvatn
 - Ny trafo, garderobar og kontorfasilitetar
 - Seks nye fiskekar
 - Fôringsanlegg og oksygenanlegg
 - Fiskesperre og trommelfilter for rensing av avløp
 
I tillegg har Eide Smolt, gjennom ein utbyggingsavtale med Vestland Fylkeskommune, utvida og forbetra avkøyrsla frå fylkesvegen i tråd med dagens vegstandard.
				


