Systemintegrator for Stadionlaks

Systemintegrator for Stadionlaks

Øystein Norheim er nytilsett  i H2 Hardanger.
Han skal jobbe som systemintegrator i prosjektet Stadionbassenget. Oppdragsgjevar er selskapet Stadion Laks AS som igjen er eigd av Lingalaks AS og Framo AS.

Øystein har lang fartstid som maskinsjef og har i mange år jobba med drift og nybygging av seismikk skip.
-Det er spanande for H2 Hardanger å få inn ein slik ressurs, med svært ulik bakgrunn enn oss andre, seier Thomas Mælen. Me er overbevist om at Øystein sin marine kompetanse vil passe som hand i hanske til Stadionbassenget.

 

 

  

 

Nytilsett sivilingeniør

Nytilsett sivilingeniør

Sommaren er på hell og H2 Hardanger er godt i gang med nye og gamle prosjekt etter ferien. 
Ekstra kjekt er det at Erlend Ukvitne er på plass på kontoret! Han kjem direkte frå masterstudium innan bygg- og miljøteknikk ved NTNU Trondheim, og vil styrka H2 Hardanger både fagleg og sosialt.  

 

God sommar!

God sommar!

No er det tid for sommarferie for oss i H2 Hardanger.
Me har markert eit travelt og spanande halvår med sommaravslutning.
 
Med nydeleg tapas levert av Cavallis Catering og utfordrande og morosam teambuilding ved Attrå – lidenskap for trening, vart sommarkvelden på trivelege Bjørketeigen Gard så bra som den kunne bli.
 
Me ynskjer god sommar til kundar, samarbeidspartnerar og alle andre der ute!
Ænes Inkubator – utbygginga går som planlagt

Ænes Inkubator – utbygginga går som planlagt

Det er for tida svært stor aktivitet på Ænes i Kvinnherad, kor det vert bygd eit av regionens største resirkuleringsanlegg for produksjon av smolt. I skrivande stund er det rundt 70 arbeidarar involvert i utbygginga. Veidekke AS (bygg/anlegg) og Akva Group Land Based (prosess) kan melde om at framdrifta går som planlagt. Røyrarbeidet i grunnen nærmar seg ferdigstilt og råbygget til 2 av totalt 5 produksjonshallar er snart oppe.

H2 Hardanger AS bistår byggherre med heile prosjektadministrasjonen av utbyggingsprosjektet. Etter planen skal prosjektet overleverast i årsskiftet 2022/2023.

Sommarjobb?

Sommarjobb?

H2 Hardanger AS søkjer etter ungdom som kan utføre førefallande vedlikehaldsarbeid.
Du må vera sjølvstendig og nøyaktig.
Det gjeld veke 26 og 27, og ved behov kan det vera aktuelt i veke 32.

Ein enkel søknad med nokre ord om deg sjølv og kva erfaring du har med praktisk arbeid, kan sendast til [email protected]
Søknadsfrist: 22.06.21 

Hardingsmolt klargjer ny tomt

Hardingsmolt klargjer ny tomt

For tida er det stor anleggsvirksomhet hjå Hardingsmolt. Eit område på omlag 8200 m2 vert planert og gjort klart for vidare utbygging.

H2 Hardanger AS står for prosjektleiing i grunnarbeidsfasen, og har bistått med utarbeiding av VA-rammeplan for reguleringsplanen i området.