Frå innleigd til fast tilsett

Frå innleigd til fast tilsett

H2 Hardanger har vore heldige å fått leige inn Leif Ketil Sekse frå Kvammabygg. Sidan januar har Leif Ketil vore ein del av H2-gjengen tre dagar i veka. 1. juni byrjar han i 100 % fast stilling i H2 Hardanger.

Leif Ketil er tilsett som byggingeniør, og har fagbrev og erfaring som tømrar.

Han styrker kapasiteten vår innan prosjektering.

Ny prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger

Ny prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger

1. april byrja Bård Sandven i stillinga som prosjekt- og byggeleiar i H2 Hardanger.

Bård har mange års erfaring med byggeleiing frå små og store prosjekt. Han er allereie godt i gang med å leie utbygging av Strandebarm omsorg.

Me gler oss over å ha fått Bård med oss på laget!

Ny styreleiar i H2 Hardanger

Ny styreleiar i H2 Hardanger

H2 er i sterk vekst. Eit kompetent og velfungerande styre er viktig for å kunne jobbe målretta og systematisk med utvikling av verksemda.
Me er særs nøgde med å presentere Tom Rasmussen som ny styreleiar i  H2 Hardanger.

Tom har brei erfaring frå ulike leiande stillingar. Han har jobba med både operativ leiing og med kunde-, marknad-, strategi- og forretningsutvikling.

For meir info. om vår nye styreleiar sjå Linkedin; Tom Rasmussen | LinkedIn

H2 ser på Tom som ein viktig ressurs i arbeidet med vidare utvikling. Velkomen Tom!

Horgi AS

Horgi AS

Horgi AS er valgt som samspelsentreprenør av Voss herad for prosjektering og bygging av ny idretts- og skulefløy på Voss ungdomsskule.Horgi AS er ein lokal totalentreprenør på Voss.

Firmaet er organisert som eit arbeidsfellesskap med partane Johs. E. Øvsthus AS, Tecno VVS AS og H2 Hardanger AS.
H2 har ansvar for prosjektering og prosjektadministrasjon.

Samspelsfase er godt i gang, og me kan melde om framifrå samarbeid med Voss herad.

Ny byggingeniør i H2 Hardanger

Ny byggingeniør i H2 Hardanger

Me ynskjer Nils Ove Børve velkomen på kontoret.

Nils Ove er utdanna byggingeniør, med allsidig erfaring frå andre yrker.

Han vil styrke kapasiteten vår innan prosjektering og byggeleiing.