Ny skule, idrettshall og symjehall

Voss ungdomsskule

Prosjektet er ein totalentreprise med samspel, og totalentreprenør er Horgi AS.

Prosjektet omfattar riving av eksisterande gym og symjehall, samt prosjektering og bygging av ny idrett- og skulefløy ved Voss ungdomsskule.
Bygga har eit BRA på ca 2780m2 og inneheld blant anna klasserom, sanserom, aula, gymsal og teknisk kjeller for utebasseng. I tillegg vert heile utomhusområdet ved Voss ungdomsskule oppgradert.

Idrettsdelen er oppført i lim- og massivtre, medan skuledel er oppført i prefab betong.

Samspelsfasen starta i mars 2021, og grunnarbeidet var påbegynt ca mai 2021.
Overlevering av bygg og uteområder er 15.desember 2023.

Informasjon

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL,BL,PGL) og RiB,RiG og RiVa prosjektering

Byggeperiode: 2021-2023

Byggherre: Voss herad

Totalentreprenør: Horgi AS

Arkitekt: HLM Arkitektur AS