Ulsmåg skule
Prosjektet omfattar utbygging av ny barneskule som erstatning for eldre skulebygg. I forprosjektfasen blei det gjort vurderingar som førte til riving av eksisterande bygg.
Nybygget er oppført i delte entrepriser. Hovedentreprise for bygg er utført av NCC. Arbeidet er beskrive komplett etter NS3420.
Ulsmåg skule er ein trebygning. Konstruksjonsmessig er prosjektet delt opp i to med berande massivtreveggar i alle fasadar og søyler-/dragarkonstruksjon av limtre innvendig i skulen. Skulen viser fram dei ulike laga i byggeriet ved lett forståelege prinsipp, samt naturleg varme materialar.
Sjå presentasjon av prosjektet hos Arkitektur N: www.arkitektur-n.no/prosjekter/ulsmag-skole-bergen
Informasjon
Vårt oppdrag: RIG/RIB-prosjektering
Byggeperiode: 2011-2014
Byggherre: Bergen kommune
Hovedentreprenør: NCC
Arkitekt: Ola Roald AS