Strandebarm omsorg
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS i 2021 konkurransen om bygging av Strandebarm omsorg i Kvam herad. Arkitekturen er i regi
av Holon arkitekter AS.
Strandebarm omsorg er bygd for 26 bueiningar inkl. ei bueining for palliasjon og smittevern, ei bueining for ektepar samt ei rekkje service- og
administrasjonsrom.
Alle hovudfunksjonar ligg på bakkeplan. Sentralt i bygget ligg eit atrium med avdelingar og tenesteflyt ut frå dette. Betydeleg fellesareal er lagt inn for å
stimulera til aktivitet og trivsel.
Det er vidare tilrettelagt for eit lokalt produksjonskjøkken for bebuarar, dagsenter og gjester.
BRA areal for heile bygget er på ca 2.900 m2. Carport, sykkelparkering, bosbu og rom for nødstraum. Overbygde konstruksjonar i sansehage kjem i tillegg.
Informasjon
Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, BL, PGL, SØK) og RIG/RIB-prosjektering.
Byggeperiode: 2021-2023
Byggherre: Kvam herad
Totalentreprenør: Fuglafjell AS
Arkitekt: Holon AS