Nytt smoltanlegg i Sundal

Utbygging av smoltanlegg i Sundal

Eide Fjordbruk AS, gjennom selskapet Eide Smolt AS, kjøpte i 2022 det gamle smoltanlegget i Sundal frå Sjøtroll Havbruk AS, ein del av Lerøy Seafood Group. Anlegget har konsesjon til produksjon av 2 millionar smolt per år innanfor gjeldande utsleppsløyve.

Eide Smolt har, i samarbeid med H2 Hardanger, administrert og gjennomført prosjektet med  riving av det gamle anlegget og utbygging av eit nytt og moderne anlegg på tomta. Det nye anlegget vart overlevert i tråd med framdriftsplanen hausten 2024. Anlegget omfattar:

  • Nytt bygg med reinseanlegg for inntaksvatn
  • Ny trafo, garderobar og kontorfasilitetar
  • Seks nye fiskekar
  • Fôringsanlegg og oksygenanlegg
  • Fiskesperre og trommelfilter for rensing av avløp

I tillegg har Eide Smolt, gjennom ein utbyggingsavtale med Vestland Fylkeskommune, utvida og forbetra avkøyrsla frå fylkesvegen i tråd med dagens vegstandard.

 

Vidare utbygging

I seinare byggetrinn er det planlagt ytterlegare utvikling av anlegget, inkludert:

  • Etablering av fleire fiskekar
  • Ny overføringsleidning for ferskvatn
  • Ny avløpsleidning til sjø
  • Bygg for slamanlegg

 

Planlegging og gjennomføring

Planlegginga av anlegget vart gjennomført i ein defineringsfase mellom Eide Smolt og H2 Hardanger. Deretter følgde ein samspelsfase vår-haust 2023 med samarbeid mellom Eide Smolt, Artec Aqua og H2 Hardanger. Utbyggingsprosjektet vart gjennomført med prosessleveranse som totalentreprise, medan dei øvrige leveransane vart utført som delte entreprisar og byggherreinnkjøp. Rivearbeidet vart fullført i 2023, og byggearbeida starta opp i januar 2024 med mål om innsett av smolt i oktober 2024.

Bileta viser det gamle anlegget før riving og det nye anlegget etter overlevering og innsett av smolt.

Informasjon

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (BHR, PL, PGL, SHA/KP/KU, BL) samt RiMiljø, RiB, RiG og BIM-prosjektering.

Byggeperiode: 2024

Byggherre: Eide Smolt AS

Entreprenørar:

    • Artec Aqua AS (prosess og elektro)
    • Byggservice AS (grunn, betong, stål)
    • Jondal Bygg AS (tømrar og malar)
    • Nils Aksnes & Co AS (VVS)