Sjoaskår
17 leilegheiter med eigen parkeringsgarasje i Øystese sentrum.
Bygget er oppført i totalentreprise av Fuglafjell AS. Heile råbygget er oppført i plasstøypte betongkonstruksjoner. Omfattande og krevjande grunnarbeider vart utført før tomta var byggeklar.
Sjoaskår er det fyrste prosjektet Fuglafjell har gjennomført med LEAN-metodikk. Denne planlegginga var fasilitert av H2, og har vore ein stor suksess i prosjektet. Skepsis i tidleg fase blei etter kvart til «slik må me gjera kvar gong»-haldning.
Bygget er forma av sivilarkitekt Solveig Valland i Geoplan som skildrar prosjektet slik:
«Arkitekturen er modernistisk med kraftige vertikale og horisontale linjer, som deler bygget sine fasadar opp. Linjene går igjen ved balkongar og svalgang, og framstår som ein integrert del av bygningskroppen. Kombinert med material- og fargeval, kjem det fram eit klart visuelt skilje mellom byggets 1. etasje og dei restereande 2 etasjer i fasaden mot Hardangerfjordvegen og vest. I fasadar mot nord og aust er linjene flytta, og fargene i fasaden sklir inn over etasjane, og bind bygget saman.
Garasje og boder er i samme farge og stil som bygget sin 1. etasje, for igjen og gje ein heilhet til heile tomta.
Balkongar er integrerte i bygget sine kraftige linjer, og skjerma mot innsyn frå Hardangerfjordvegen. Terrassar til bueiningane i 1. etasje er ytterligare skjerma med sjalusirammer, som også er benytta ved svalgangen.»
Informasjon
Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, BL, PGL, SØK) og RIG/RIB-prosjektering. LEAN-Planlegging.
Byggeperiode: 2017-2019
Byggherre: Bratt AS
Totalentreprenør: Fuglafjell AS
Arkitekt: Geoplan AS