Elkem AS, Bjølvefossen
Bjølvefossen er eit smelteverk som produserer ferro-legeringar for stålindustri i heile verda. Bjølvefossen ligg i Ålvik, Hardanger, og har to reduksjonsomnar i drift, med ein årleg kapasitet på 60.000 tonn
H2 Hardanger har rammeavtale for prosjekteringstenester med Elkem AS, Bjølvefossen. Her har me dei seinare åra bistått med mange ulike og spanande prosjekt.
Nokre av prosjekta me har bistått Bjølvefossen med er:
- Bygningsmessig prosjektering i samband med oppgradering av dampturbin.
- Forprosjekt So2-scrubber – Renseanlegg for fjerning av svoveldioksid i avgasser frå smelteomnane.
- Prosjektering og anbodsutlysing for oppgradering og utviding av kjørebru til importkai.
- Prosjektering og prosjektoppfølging av nytt kontrollrom for smelteverket.
- Prosjektering og anbodutlysing av påbygg av ein etasje på eksisterande lager for etablering av nytt kontorareal.
- Prosjektering og teikning av diverse gangbaner, skjermveggar og portar for tilkomst i omnhallane i smelteverket.
- Tilstandsanalyser av diverse bygg.
Informasjon
Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, BL, PGL, SØK) og RIB-prosjektering.
Byggeperiode: 2012-
Byggherre: Elkem AS, Bjølvefossen