Barnehagar i Kvam
H2 Hardanger vann saman med Fuglafjell AS i 2015 konkurransen om fire nye barnehagar i Kvam herad. Arkitekturen er i regi av Og Arkitekter AS. Barnehagane er lokaliserte i Norheimsund, Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm.
Bygga er oppførte i totalentreprise av Fuglafjell AS. Fuglafjell AS vart stifta som eit arbeidsfellesskap i samband med denne tilbodsutlysinga frå Kvam herad for å sikre lokal konkurransekraft. I den mest hektiske perioden var det bygging på alle fire byggene samstundes.
Alle barnehagane er i hovudsak bygd opp som tradisjonelt trebygg. To av barnehagane er tilbygg til eksisterande bygningsmasse. Prinsipp for alle bygg er tilnærma like for at ein skulle dra nytte av kopieffekt i alle fasar av i utbygginga.
Informasjon
Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, BL, PGL, SØK) og RIG/RIB-prosjektering.
Byggeperiode: 2015-2017
Byggherre: Kvam herad
Totalentreprenør: Fuglafjell AS
Arkitekt: Og Arkitekter AS