Bygging av moderne smoltanlegg

ÆNES INKUBATOR

Prosjektet omfattar bygging av eit moderne smoltanlegg. Bak firmaet Ænes Inkubator står Eide fjordbruk AS, Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS

Når Ænes Inkubator er ferdig er det eit av dei største resirkuleringsanlegga for smoltproduksjon i regionen. Totalt fotavtrykk når det står ferdig vil vera omlag 10 000 kvm. Produksjonskapasiteten kjem på omlag 3 000 tonn smolt/år, som tilsvara kring 99 millionar lakseporsjonar pr år. I eit resirkuleringsanlegg er det mykje vatn som vert flytta. På Ænes skal det flyttast opp mot 30 millionar liter vatn i timen ved full utnytting av anlegget. Dette kan samanliknast med 70 vanlege 25 m symjebasseng.

H2 Hardanger har vore med som prosjektleiar for byggherre sidan tidleg utviklingsfase. I dag leiar H2 Hardanger heile utbygginga på vegne av byggherre. Totalt bidreg me med rollene prosjektleiar, prosjektingeniør bygg/anlegg, prosjektingeniør prosess, uavhengig kontroll, KP/KU og byggelånskontroll.

 

Etter planen står anlegget ferdig i 2023.

Informasjon

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon

Byggeperiode: 2018-2023

Byggherre: Ænes Inkubator

Entreprenør fase 1: Veidekke Entreprenør AS

Prosjektering: Akva Group Land Based AS