Ny brannstasjon på Voss

H2 Hardanger har, saman med resten av Fuglafjell, vunne oppdraget med å byggja ny brannstasjon på Voss. Me har tidlegare vist i Kvam at brannstasjon er noko me kan.

Den nye brannstasjonen vil verta reist på Tvildemoen, og skal, i samsvar med Voss Herad sine miljøambisjonar, førast opp i massivtre. Forprosjektet er utarbeidd av MAD arkitekter, så her er det snakk om høge arkitektoniske kvalitetar. Me har som mål å innfri alle ambisjonane som er stilt både til oss og prosjektet. Dette skal me gjera gjennom lokal kompetanse og røynsle frå prosjekt av same omfang, funksjon, material- og kvalitetskrav.

Byggjinga vil gå i gang snarleg, og me reknar med ei byggjetid på om lag 18 månader.

Bygget vil ha ei grunnflate på ca 1800 m2.

Informasjon

Vårt oppdrag: Prosjektadministrasjon (PL, BL, PGL, SØK), RIG/RIB-prosjektering og VA-prosjektering.

Byggeperiode: 2024-2025

Byggherre: Voss herad

Totalentreprenør: Fuglafjell AS

Alle illustrasjonsbilete: MAD arkitekter